Hopp til innhold

Noregs beste ølbryggar

Espen Lothe frå Florø blei kåra til Noregsmeister i heimbrygging av øl i helga. No vurderer han å starte mikrobryggeri og legge ølet ut for sal. 

Espen Lothe.
Foto: Harald J. Stavang, Firdaposten.

Noregsmeisterskap i heimebrygging 2006 gjekk laurdag av stabelen på Chateau Nauf i Oslo.

Florøværingen vann i kategoriane lys ale og sterk spesialøl. Han fekk andreplass i klassen mørk ale. Det førte til at Lothe fekk samanlagt høgast poengsum og  kunne ta med seg tittelen "Årets heimebrygg" tilbake til Florø.

- Det var stort å gå heilt til topps. Eg har vore med nokre år i miljøet og fått andre- og tredjeplass tidlegare, så det var veldig kjekt å nå heilt opp. Ei stor ære, seier Lothe.

Skandinavisk meisterskap

No skal han konkurrere i skandinavisk meisterskap og har god tru på at Florø-ølet kan gjere det bra.

- Svenskane har vore dei største konkurrentane, eg har før fått ein 4. plass i skandinavisk meisterskap med same ølet. No har ølet blitt eldre og eg håpar i alle fall på ei minst like god plassering i år.

Meir sjel

Lothe meinar heimbrygga øl har meir sjel og er rikare på smak enn industrielt produsert øl:

- Heimbrygga øl har heilt klart meir sjel. Det er rikare på smak, du kan samanlikne det med brødbaking. Det brødet du kjøper i butikkane kan vere godt det, men det du bakar sjølv er ofte betre.

Mikrobryggeri?

No utelukkar ikkje Espen Lothe at det kan bli mikrobryggeri og salg av heimebrygget:

- Ja vi får sjå, det er ikkje umogleg.

Det var med ølet "Whiteout Weizen Bamberger Rauchweiss" han vann i klassen lys ale. Andreplassen i klassen mørk ale kom med "Black out stout". Klassen sterke spesialøl vann Lothe med "Tykjen". Det var "Tykjen" som fikk samanlagt høgast poengsum i flaskekonkurransen og blei kåra til Årets heimebrygg.