Hopp til innhold

Opplever uforklarlege sauetap

Fleire område i Sogn og Fjordane har hatt svært store sauetap i år.

Sau
Foto: NRK/Lars H. Pedersen

Medan sauetapa i Indre Sogn har gått sterkt ned etter den omfattande jervejakta, er mellom anna Bygstad-området og delar av Gloppen no hardt råka.

Finn ikkje kadaver

Bjarne Sagevik frå Bjørvikstranda vest om Bygstad er ein av sauebøndene med store tap.

- Det er snakk om 26 lam og to vaksne sauer. Eg har mista ein tredel av dei eg slepte ut, og eg finn ikkje eit einaste kadaver.

Det same seier John Øvrebø frå Bygstad som i går melde store sauetap til politiet som tjuslakting.

- Eg har ikkje bevis, men eg finn ikkje kadaver. 31 lam og seks vaksne er vekke, nokre av dei er eg heilt sikker på er tjuvslakta.

Lokale problem

Samla sett ser det ut til at sauetapa i Sogn og Fjordane har gått ned i år.

Og dei store jerveproblema til sauebøndene i Indre Sogn ser ut til å vere under kontroll etter at seks jervar er skotne der. Men lokalt er det uforklarleg store tap.

- Ingen vits å drive med slike tap

Som hos Margret Sande på sørsida av Gloppefjorden der mykje sauer er sporlaust borte.

- Vi veit faktisk ingenting, for vi finn ingen restar. Det manglar fem vaksne og 10 lam. Vi lurer på om det kan vere jerv eller om det er tjuvslakting. Men det er iallefall ikkje vits i å drive med sau med slike tap, seier ho.

Les også: Politimelder sauetap