Planlegg gigantisk vindpark

Vestavind Kraft planlegg 200 vindmøller utanfor Stad.
Publisert 23.10.2007 06:00. Oppdatert 23.10.2007 06:38.
- Skriv ut
Høyr: Planlegg vindpark ved Stad
Verksemda har i det skjulte arbeidd i herdig med planane dei siste månadane. Nyleg sende dei melding til NVE om prosjektet som har fått namnet Stadtvind.

Større enn Vågsøy
Feltet som er planlagt om lag fire mil frå land skal innehalde 200 vindmøller og kan gje nok straum til heile Hordaland. I areal blir feltet tenkt større enn Vågsøy kommune.
- Vi tenker å plassere det ut vest-nordvest av Stadlandet. Og så langt frå land at det ikkje er synleg frå fjæresteinane, fortel administrerande direktør, Håkon Sandvik, i Vestavind Kraft.
Produserer meir
Erfaringar frå Danmark viser at vindturbinar offshore produserer 20-30 % meir energi enn tilgrensande vindkraftanlegg på land. I følgje analysar har kysten av Vestlandet dei beste vindressursane langs heile kysten.

Krafta kan førast i land og koblast til sentralnettet ved Åskåra Kraftverk i Ålfoten.
Foto: StatoilOg ved Stad finn Vestavind både naturkrefter og tilhøve dei meiner er ideelle for bruk av flytande vindturbinar. Medan havdjupna langs kysten er meir enn 200 meter alt før ein når seks nautiske mil frå kysten, er havdjupna utanfor Stad mellom 160 og 200 meter. Planane inkluderer overføring til Åskåra kraftverk i Ålfoten og tilkobling til den planlagde 420 V-linja mellom Fardal og Ørskog. Anlegget vil også kunne forsyne ei rekkje plattformar med elektrisitet som følgje av elektrifisering av sokkelen.
Mindre synleg

Vindkraftprosjekt til lands har til no vore svært omstridde. Det er ein av grunnane til at Vestavind no søkjer vest om fastlandet. Spørsmålet er kva reaksjonar som møter planane om det gigantiske vindmøllefeltet til havs.
- Tek du utganspunkt i synlighetsaspektet, så blir det mindre kontroversielt. Men fiskeriinteressene er veldig viktige her og det er heilt avgjerande at vi kjem fram til løysingar som fiskeriinteressene kan leve med. Elles blir det akkurat like ille, åtvarar Sandvik.
Nei på land, ja til sjøs
Men prosjektet får støtte frå uventa hald. Stein Malkenes leia tidlegare næringslivsaksjonen mot vindmøller langs kysten. Han er svært positive til Vestavind sine planer.
- For det første er den teknologien så omfattande i potensiale, at den vil kunne bidra til energilevering over uendeleg lang tid. For det andre får vi berga kystlandskapet og for det tredje så unngår vi konfliktane og unngår å sette klimaarbeid i vanry, seier han.
Lyd og video
Vindkraft (Sogn og Fjordane)
Siste: Sogn og Fjordane
- Fekk nytt løyve til å avlive jerv
- Ho er 90 og hekta på data
- Viktig bortesiger for Saga
- Valsvik skåra for landslaget
- Håper folk vil gi pengar til søk
- Tapar pengar på skadd kraftverk
- Må betale dyrt for å bryte kviletid
- Tok avskjed med Ottar Starheim
- Grunnstøytte på draumeturen
- Gir nytt liv i Trollebø-fabrikken
Siste: Sogn og Fjordane
Fekk nytt løyve til å avlive jerv - Ho er 90 og hekta på data
- Viktig bortesiger for Saga
- Valsvik skåra for landslaget
- Håper folk vil gi pengar til søk
- Tapar pengar på skadd kraftverk
- Må betale dyrt for å bryte kviletid
- Tok avskjed med Ottar Starheim
- Grunnstøytte på draumeturen
- Gir nytt liv i Trollebø-fabrikken

















Sol og sommar i fylket