Hopp til innhold

- 40 centimeter snø på ein time

I løpet av ein time torsdag føremiddag kom det 30-40 centimeter snø i ytre Bremanger. Så kraftig var snøfallet at brøytebilsjåfør Olav Peder Frøyen oppmoda folk om å halde seg inne.

Snøbrøyting. Illustrasjonsfoto.
Foto: Ingrid Elisabeth Haugen, svelgen.no

- Det har kome uhorveleg store mengder snø. I løpet av ein time har det snøa 30-40 centimeter. Eg har aldri opplevd liknande dei fem åra eg har halde på med brøyting, seier Frøyen.

Etter at han hadde køyrt ein rode, og kom tilbake, var det snøa att igjen. Og brøytekantane var så høge at dei ikkje fekk snøen unna.

 

Kraftig snøfall i Svelgen.
Foto: Ingrid Elisabeth Haugen, svelgen.no

To vegar var stengde

Saman med ein kollega har Frøyen ansvaret for å brøyte dei kommunale vegane i Kalvåg og på Bremangerlandet. Snøfallet har vore så kraftig at dei to har hatt problem med å halde vegane opne. Då NRK Sogn og Fjordane snakka med Frøyen litt over klokka 11 torsdag var vegane til Steinset og Liset stengde på grunn av snøfallet. Sjølv var Frøyen på veg Steinset for å opne vegen dit.

- Eg reknar med at vegane vil vere opne i løpet av ein halvtimes tid, forklarte Frøyen, som ba billistane syne tolmod.

- Bruk kjettingar

Og oppmodinga frå brøytebilsjåføren til trafikantane var klar:

- Sko seg godt med kjettingar, og dei som ikkje har noko viktig å gjere ute bør halde seg heime. Og det gjorde dei. Då NRK Sogn og Fjordane var i kontakt med Frøyen klokka 16, takka han alle som hadde fulgt oppmodinga. Han hadde treft svært få bilar på vegen, sa han.

Ikkje problem andre stadar

Også i Vågsøy og Flora har det snøa kraftig dei siste dagane. Frå  Vågsøy vert det meldt om ein god halvmeter snø. Men snøen skapte ikkje problem i desse kommunane i dag.