- Bøndene redde for E.coli-rekning
- Bøndene er redde for å sitje att med rekninga etter e.coli-mistankane mot Gilde, seier leiar i Sogn og Fjordane Bondelag, Bjarte Nordanger.
Publisert 21.03.2006 11:28.
- Skriv ut
- Gilde er veldig klare på at dei ikkje er byrja å tenkje økonomi enno, men eg trur det er veldig mange bønder som tenkjer på økonomien no. Det plagar oss. Vi har ikkje meir pengar enn vi treng. Vi er jo redde for at det er vi som må betale rekninga til slutt, seier Bjarte Nordanger.
- Har ikkje fokus på pengar
Førebels er det ingen som veit kor stor rekninga vert. Gilde har heile tida halde fast på at dei ikkje tenkjer økonomi i jakta på E.coli-bakterien.
- Det vi er opptekne av no er å finne smittekjelda. Det har vi vore opptekne av sidan 24. februar, seier informasjonssjef i Gilde Vest, Grethe Skundberg.
-Men dette vil vel før eller seinare gå utover bøndene?
- Det vi tek omsyn til er pålegga frå Mattilsynet. Vi har gjort det Mattilsynet har sagt at vi skal gjere, og det er det vi må halde oss. Men det er klar at dette går utover alle.
Likar ikkje skuldkjensla
Kjøtgiganten har brukt alle ressursar i jakta på e.coli. Dei har difor ikkje brukt tid eller krefter på å rekne ut kor mykje dei har tapt på E.coli-problema. Men om Nordanger er redd for å sitje att med rekninga til slutt, er det ikkje berre difor han kryssar fingrane for at smittekjelda vert funnen så raskt som råd.
- Det er ikkje noko kjekt å føle at vi er skuld i at folk vert sjuke. Det er ikkje det vi ønskjer med norsk mat, seier Nordanger.
Sogn
- Sogndal 2 vann målrikt lokalderby
- Biltjuv fakka i Årdal
- Cruisehamn gir nytt håp for hotell
- Russarane trekkjer importforbodet
- Går glipp av nyetablering
- Veolia vurderer å klage
- Fylkesbaatane vann
- Rallarvegen i forfall
- - Sogndal framfor Skjolden
- Sogndalselevar best i retorikk
- Vik skisenter ber om pengar
Siste: Sogn og Fjordane
- Fekk nytt løyve til å avlive jerv
- Ho er 90 og hekta på data
- Viktig bortesiger for Saga
- Valsvik skåra for landslaget
- Håper folk vil gi pengar til søk
- Tapar pengar på skadd kraftverk
- Må betale dyrt for å bryte kviletid
- Tok avskjed med Ottar Starheim
- Grunnstøytte på draumeturen
- Gir nytt liv i Trollebø-fabrikken
Siste: Sogn og Fjordane
Fekk nytt løyve til å avlive jerv - Ho er 90 og hekta på data
- Viktig bortesiger for Saga
- Valsvik skåra for landslaget
- Håper folk vil gi pengar til søk
- Tapar pengar på skadd kraftverk
- Må betale dyrt for å bryte kviletid
- Tok avskjed med Ottar Starheim
- Grunnstøytte på draumeturen
- Gir nytt liv i Trollebø-fabrikken

















Sol og sommar i fylket