Hopp til innhold

Grisa til bil og fleire hus

Fleire hus og ein bil i Førde sentrum har blitt tilgrisa med tagging siste døgnet.

Tagging i Førde
Foto: Torje Bjellaas / NRK

Storbyfenomenet er heilt uvanleg i sunnfjordsbyen, og nokre av skribleria kan oppfattast som rasistiske.

Frustret og irritert

Butikk-sjef Ole Meidell ved Elprice er ein av dei som vart utsett for hærverket. Han er provosert over tagginga på bilen, for nattas rampestrekar er vanskeleg å få vekk.

- Det er utruleg frustrerande og irriterande for oss i butikken. Eg håper eg får dette vekk med dei midla eg har fått anbefalt, seier han.

Det er tagga fleire stader på bilen.

- På sida av står det LOL, på fronten står det eitt ord eg ikkje vil gjenta og i tillegg er det ein kryss og ein strek bak på bilen, seier han.

- Heilt uvanleg

Og rundt i Førde sentrum har fleire hus blitt tilgrisa det siste døgnet. Slik tagging er heilt uvanleg i Sunnfjord i fylgje politiet.

- Eg tykkjer det er trist og kjedeleg at folk skal få slikt på veggane sine. Blir dette meldt, blir det etterforska på vanleg måte. Vi tykkjer slikt er ein uting, og vil dette til livs. Dette er svært uvanleg her, og eg kan ikkje hugse sist vi hadde slik tagging. Eg oppmodar dei som har gjort dette om å melde seg, seier lensmann Kjell Fonn.

Tagging i Førde

Butikk-sjef Ole Meidell prøver å få bilen rein.

Foto: Torje Bjellaas / NRK

Sjå bileta frå tagginga