Hopp til innhold

Gjev ikkje opp håpet

Politiet står framleis utan spor etter den sakna 19-åringen i Vågsøy, men nektar å gje opp håpet om å finne han i live.

Tre redningsskøyter deltek i søket etter sakna 19-åring i Vågsøy.

Tre redningsskøyter deltek i søket etter sakna 19-åring i Vågsøy.

Foto: Bjarne Eldevik

Den 19 år gamle guten vart meldt sakna i 01.30-tida i natt, men 12 timar seinare har lensmann Tormod Hvattum framleis von om å finne han i live.

Sjå: TV-reportasje frå leiteaksjonen

- Håpet minskar

- Førebels har vi fokus på å finne den sakna i live. Temperaturen talar i favør av at han framleis er i live, men det er klart at etter kvart som tida går, så minskar håpet, seier lensmann Tormod Hvattum.

Mannen skulle måndag kveld frå Måløy mot Bryggja i ein open 16 fots plastbåt. Då kameratar ikkje fekk kontakt med mannen, vart han meldt sakna i natt. I halv tre-tida vart båten funnen kantra om lag 200 meter frå land, kring ein kilometer frå Måløy.

Det vert leita med hund i strandkanten etter sakna 19-åring i Vågsøy.
Foto: Bjarne Eldevik

Seier nei til frivillige

I heile natt har redningsskøytene "Platou", "Det Norske Veritas" og "Simrad Færder" har i natt delteke i leitinga. Leitemannskap har tysdag trassa særs dårlege leiteforhold med vind opp mot orkan styrke og regn.

- No konsentrerer vi søk nord og sør for Måløybrua. Leiteområdet vert stadig utvida etterkvart som vi får fleire folk å spele på, seier lensmann Hvattum. På grunn av dårlege leiteforhold har dei førebels takka nei til hjelp frå frivillige.