Hopp til innhold

Køyrde utfor i morgonkåpe

Eit par i femtiåra køyrde utfor vegen ved Statoil i Gaupne søndag ettermiddag. Eit vitne såg at dei kraup ut av bilen berre kledd i morgonkåpe.

Køyrde utfor i badekåpe
Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

20 minutt etter var politiet på plass. Der fann dei ein mann og ei kvinne slik meldaren hadde beskrive. Føraren blåste raudt og fekk førarkortet beslaglagt.

Operasjonssentralen til politiet veit ikkje om paret er heimehøyrande i Gaupne, eller tilreisande. Kvifor paret var kledd slik dei var kan vi berre spekulere i, opplyser politiet til NRK.