Hopp til innhold

Aksjonerer for å hente heim Bakke

Dårlege spelarkjøp, dårleg fotball og eit lag som kjem nærare og nærare nedrykksstreken for kvar kamp. No tek Sogndal-supportarane saka i eigne hender.

Eirik Bakke
Foto: Tor Richardsen, Richardsen, Tor / Scanpix

Saftkokaradn har starta underskriftsaksjon for å hente heim Eirik Bakke.

- Dei som skriv under er positive. Dei som ikkje er interesserte, dei er ikkje interesserte i fotball i heile tatt. Dei som er interesserte i Sogndal Fotball, dei signerer, seier Lars Jin Pedersen.

Sjef med store bokstavar

Pedersen starta onsdag underskriftsaksjonen på Storsenteret i fruktbygda. Etter kort tid stod nær 50 namn på lista.

- Vi gjer det av fleire grunnar. Vi får ta det sportslege først: I år har vi sett at laget manglar ein profil på bana, ein som er sjef med store bokstavar. Ein som spelarane kan samlast rundt, som dei har respekt for og som går i bresjen når det buttar i mot. Vi har spela ni kampar utan å vinne og noko må gjerast. Vi meiner då at Eirik Bakke er det alternativet vi har, seier han.

Vil framskunde retur

Bodskapen ligg også ute som ope brev på heimesida si. Her ber dei klubben gjere alt som står i deira makt til å hente heim den noverande Brann-spelaren. Pedersen vil ikkje legge seg bort i det økonomiske aspektet ved å hente heim midtbanespelaren, men viser til at Bakke tidlegare har signalisert å avrunde karriera i heimbygda.

- Dette er eit forsøk på å framskunde returen, seier Pedersen.

- Positivt for Eirik

Bakke har kontrakt med Brann ut sesongen 2008 og har framleis store ambisjonar. Dagleg leiar i Sogndal, Yngve Hallén levnar liten tvil om at Bakke er velkomen attende når som helst.

- Eirik er ein spelar som har gjeve mykje til Sogndal. Vi får spele litt på hans premissar også. Det at Saftkokaradn engasjerer seg, vil vere positivt for Eirik å sjå at han er ynskt, seier han, men konstaterer samstundes at det framleis er lenge att til Bakke er på tampen av karrieren.