Hopp til innhold

Diaré etter hotellopphald

Omkring 30 handballspelarar og vegarbeidarar er blitt sjuke etter at dei overnatta på Klingenberg hotell på Årdalstangen.

Klingenberg Hotell
Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Søndagens finale i Jotun cup vart avlyst etter at ei rekkje handballspelarar fekk akutt spysjuke og diare.

Måndag måtte også arbeidet på riksveg 53 mellom Øvre Årdal og Årdalstangen stoppast. Alle arbeidarane er sjuke, og alle overnatta på Klingenberg, fortel byggjeleiar Arvid Brennset.

 

 

Mattilsynet til Årdal
Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Mattilsynet til Årdal

Det er enno usikkert kva som kan vera årsaka til at folk er blitt sjuke, Mattilsynet reiser til Årdal for kartlegging, fortel Grete Molland Breisnes.

Den vanlegaste årsaka til matboren sykdom er mangelfull oppvarming, sein nedkjøling, lagring ved for høg kjøletemperatur eller at varmebehandla mat blir forureina av råe matvarer.

- For tidleg å konkludere

Det kan og skuldast slurv med reinhald. Dagleg leiar ved Klingenberg hotell, Erling Eggum, synest det er for tidleg å konkludere med at det er matforgifting som er årsaka, men han har likevel lagt inn nye rutinar ved hotellet.