Hopp til innhold

- Ingen får filme Hagen

Sp-ordførar Karen Marie Hjelmeseter nektar TV å filme når Carl i Hagen vitjar Sogndal omsorgssenter.

Karen Marie Hjelmeseter, ordførar i Sogndal.
Foto: NRK

Carl I. Hagen
Foto: Junge, Heiko / SCANPIX

Sogndal-ordføraren vil ikkje at Hagen skal få slå politisk mynt på dei eldre.

- Hagen skal få både omvisning og høyre om omsorgssenteret, men vi skal også ta omsyn til brukarane våre på omsorgssenteret. Då er det rett og rimeleg at ikkje vi har eit TV-team som føl med på lasset, seier ho.

- Skal ikkje utnytte

Carl I. Hagen, som har vorte Frp sin nye eldregeneral, vitjar Sogndal Omsorgssenter i dag. Midt i valkampen er dette eit besøk som TV og andre media finn svært interessant. Men det blir ikkje høve til å filme inne på omsorgssenteret. Hjelmeseter fryktar rett og slett at Hagen skal utnytte dei eldre.

- Det er gjerne brukarar som ikkje heilt greier å ta vare på seg sjølve og då skal ikkje vi som politikarar utnytte den situasjonen, seier ho og ikkje fryktar at ho vert skulda for å kneble debatten ved å stenge TV ute.

- Alle andre gjer det

Åge Starheim
Foto: NRK

Stortingsrepresentant Åge Starheim frå Framstegspartiet rasar derimot mot skuldingane frå Sogndal-ordføraren.

- Dette er ei beskulding mot Frp og Carl I Hagen som er heilt uhyrleg etter mitt skjønn, seier han. Han vedgår at målet er å komme inn og snakke med dei eldre, medan dei vert filma for å få fleire veljarar.

- Dette gjer jo samtlege av sentralpolitikarane, seier han. Hagen sjølv kjem med følgjande diplomatiske kommentar.

- Eg respekterer at dette er noko som ordføraren må få avgjere, seier han.