- Øystein Djupedal har svikta nynorskelevane. Han bryr seg ikkje om at nynorskbøkene kjem altfor seint nok eit år. Difor går elevar ved fleire vidaregåande skular ut i streik torsdag 30. august, seier Jens Kihl, leiar i Norsk Målungdom.
Streikar på Sandane
Elevar i Sauda, Ørsta, Volda, Sandane, Kristiansand, Bergen og Oslo vil gå ut i streik, og det er venta at fleire vil slutte seg til. Streikeaksjonane vil halde fram utover hausten.
- Vi har ikkje tenkt til å gje Djupedal fred i denne saka, avsluttar Myklebust og Kihl i ei pressemelding.
Underskriftsopprop
I samband med streikeaksjonane lanserer Norsk Målungdom og Noregs Mållag eit underskriftsopprop der folk kan gje si støtte til kravet frå elevane.
- Retten til læremiddel på eige språk er heilt grunnleggjande, og det er trist å sjå at Djupedal ikkje tek tak i denne saka, seier leiar Hege Myklebust i Noregs Mållag i pressemeldinga.
- Elevane lir
- Kampen for nynorske læremiddel er eit grunnleggjande rettferdskrav frå nynorskelevane, og eit krav mange elevar med bokmål som hovudmål sluttar seg til. Statsråden kan ikkje vente - elevane lid under mangel på læremiddel på eige språk for kvar dag som går. I dag har departementet ikkje ein gong oversyn over stoda for nynorskbøkene. Det må det bli ei endring på, krev NMU-leiar Kihl.