Hopp til innhold

4. plass i NM for hjelpekorps

Svelgen Røde Kors Hjelpekorps kom på ein sterk 4. plass i helgas NM for hjelpekorps i Fredrikstad.

NM for hjelpekorps i Fredrikstad.

Deltakarane i NM for hjelpekorps vert prøvde i ulike praktiske oppgåver.

Foto: Leo Husabø Holm Cirotzki

- Vi er kjempenøgde. Vi konkurrerte med hjelpekorps frå folkerike fylke, så dette er ein sterk prestasjon. Vi har vore med to gonger før, og då har vi hamna på rundt 10.-11. plass, seier Leo Husabø Holm Cirotzki i Svelgen Røde Kors Hjelpekorps.

- Ein siger for oss

Han ser på plasseringa som ein siger. Det var veldig jamnt i toppen, og få poeng skilde Svelgen og laga på dei tre øvste plassane.

19 lag frå samtlege fylke deltok i årets norgesmeisterskap for hjelpekorps. Svelgen representerte Sogn og Fjordane.

Konkurransen var todelt. Natt til laurdag var det nattorientering i skogen utanfor Fredrikstad. I tillegg til å vere eit vanleg o-løp, var det også lagt inn nokre praktiske oppgåver på enkelte postar. Her kom Svelgen på ein 10. plass.

- Godt miljø

Etter nokre få timar med søvn starta siste delen av meisterskapen laurdag morgon. Då stod ei ringløype med ti postar på programmet. Her vart deltakarane testa i blant anna praktiske hjelpekorps-oppgåver, lagleiing, rapportering og varsling. I hjelpekorpskonkurransen vart Svelgen berre slått av Oslo.

Leo Husabø Holm Cirotzki har denne forklaringa på kvifor eit lite hjelpekorps som Svelgen gjer det så godt i eit norgesmeisterskap.

- Miljøet er godt og vi jobbar godt i lag, seier han.

LES: Gode førstehjelpsråd

NM for hjelpekorps i Fredrikstad.
Foto: Leo Husabø Holm Cirotzki