26.05.2012

- Krise for villaksen

- Situasjonen for mange lakseelvar i Noreg er svært dramatisk, seier villaksforkjempar Don Staniford i organisasjonen Pure Salmon Campaign.

Det er svært lite smålaks i elvane, og Staniford seier yngelen vert drepen på veg ut i havet.

Villaksforkjemparen meiner Noreg må gjere langt meir for å redda elvane.

- Villksen vil forsvinne

Villaksforkjempar Don Staniford seier at det er krise for villaksen, og viss ein ikkje gjer noko no vil me ikkja ha villaks i framtida.

Don Staniford kjem frå den verdsfemnande alliansen «Pure salmon campaign», som arbeider for å redda lakseelvane og for å oppdrettsnæringa til å driva meir miljøvenleg over heile verda.

Sjekkar elvane i fylket

I helga var han i Sunnfjord for å sjå korleis det står til i Nausta-elva.

Han har høyrt alarmerande rapportar om mykje lakselus og lite småfisk i elvane og han seier at det er ein samanheng mellom lite fisk og spreiinga av parasittar frå oppdrettsanlegg.

- Norge har ansvar

Når lakseyngelen går frå elvane og ut i havet må dei forbi oppdrettsanlegga og det som er skildra som eit belte av lakselus. Og det det skal berre nokre få lus til på ein laskeyngel for å ta livet av han.

- Noreg har ein fjerdedel av all atlantisk laks, og eit ansvar for å ta vare på det biologiske mangfaldet, seier Staniford.

Forskar: - Oppdrettsnæringa må ta ansvar