Årdal kan få 150 nye arbeidsplassar

Gjenvinningsbedrifta Metallkraft i Kristiansand ynskjer å overta Søderberghallane i Øvre Årdal når aluminiumproduksjonen der blir lagd ned. Det kan resultere i opp mot nye 150 arbeidsplassar.
Publisert 17.03.2006 10:36.
- Skriv ut
- Hallane i Årdal er som hand i hanske for Metallkraft, seier dagleg leiar og gründer Knut Henriksen.
For Metallkraft skal om få år produsere 40 gonger så mykje som dei 13 tilsette i Kristiansand gjer i dag - frå 500 til 20.000 tonn, skriv Dagens Næringsliv. Saman med Såkorn Invest Sør ønskjer selskapet å investere 250 millionar kroner i eit gjenvinningsanlegg i Årdal.
Stor marknad i Kina
Verksemda resirkulerer avfall frå solcelleproduksjon, ein teknologi som Henriksen sjølv har utvikla. I Kina skal landsbygda få elektrisitet, og dermed er det eit enormt behov for produktet til Metallkraft. Henriksen er skeptisk til å utvida i Kina, han er redd for å misse kontrollen over tekologien sin.
- Eg har fått kunden med på at det er lurt å utnytte mogelegheitene som det norske samfunnet byr på, og særleg der det er bygningar og infrastruktur.
Skal møte i Årdal
Henriksen reiser til Årdal i komande veke for å snakke med Årdal Framtid. Og Terje Laberg i Årdal Framtid lovar å ta godt imot Henriksen, sjølv om han akkurat no kan velje og vrake i bedrifter som ynskjer seg til Årdal.
- Vi har fått ein presentasjon av bedrifta. Produktet og kunnskapen dei representerer er i utgangspunktet interessant, men i dag veit eg ikkje meir enn det.
Siste: Sogn og Fjordane
- Fekk nytt løyve til å avlive jerv
- Ho er 90 og hekta på data
- Viktig bortesiger for Saga
- Valsvik skåra for landslaget
- Håper folk vil gi pengar til søk
- Tapar pengar på skadd kraftverk
- Må betale dyrt for å bryte kviletid
- Tok avskjed med Ottar Starheim
- Grunnstøytte på draumeturen
- Gir nytt liv i Trollebø-fabrikken
Siste: Sogn og Fjordane
Fekk nytt løyve til å avlive jerv - Ho er 90 og hekta på data
- Viktig bortesiger for Saga
- Valsvik skåra for landslaget
- Håper folk vil gi pengar til søk
- Tapar pengar på skadd kraftverk
- Må betale dyrt for å bryte kviletid
- Tok avskjed med Ottar Starheim
- Grunnstøytte på draumeturen
- Gir nytt liv i Trollebø-fabrikken

















Sol og sommar i fylket