Hopp til innhold

– Sp si skuld at folk flytter

Det er ei ulukke for Sogn og Fjordane at ein ikkje har satsa på tettstader. Difor vil ikkje folk bu her, seier Georg Arnestad.

Georg Arnestad
Foto: NRK

 

Er SP skuld i folkeflukten? Sei di meining her.

 

Forskings- og utviklingsleiar ved Høgskulen i Sogn og Fjordane, Georg Arnestad meiner senterpartiet har satsa alt for lite på å styrkja dei største tettstadene i fylket og at Sogn og Fjordane som fylket kunne ha bremsa folkenedgangen dersom ein hadde nokre senter som ein hadde satsa særskilt på.

– Senterpartiet er eit bondeparti som har prøvd å verta eit byparti, noko dei har mislukkast fullstendig med. Det må vera ein stor del av årsakene til at det har gått så gale med folketalsutviklinga i Sogn og Fjordane siste tiåret, seier Arnestad

Folkeflukt frå 7 av 9 sp-kommunar

I sju av ni kommunar, der senterpartiet sit med ordføraren, gjekk folketalet ned i fjor. Ifylge Georg Arnestad har det ikkje budd så lite folk i Sogn og Fjordane sidan byrjinga av 90-talet.

Forskings- og utviklingsleiaren ved Høgskulen i Sogn og Fjordane meiner senterpartiet har stor ein del av skulda for folkflukta. 

Gamalt nytt frå Arnestad

No har no aldri Arnestad vore glad i senterpartiet, så dette er ikkje noko nytt. Slik svarar leiar for Sogn og Fjordane Senterparti, Knut M. Olsen på skuldingane frå Georg Arnestad. Han tek ikkje inn over seg kritikken på Ap-veteranen, og seier at problema knytt til folketalsutviklinga i fylket er samansette.

– Heile verda opplever sentralisering og det er vanskeleg å seia om denne hadde vore større eller mindre i Sogn og Fjordane avhengig av om senterpartiet hadde site med makta eller ikkje desse åra.

Det viktige no er kva nye grep som kan gjerast for at det skal verta meir attraktivt å bu i fylket i framtida.