Hopp til innhold

Trehjuling vakte oppsikt

Ein litt uvanleg bil vakte oppsikt på Vassenden i Jølster onsdag.

Trehjuling vakte oppsikt på Jølster.
Foto: Oddleif Løset / NRK

Med sin spesielle bakdel, forma som baugen på ein båt, minne køyretyet meir om ein sjark på hjul, enn ein bil. Spesielt på avstand og for dei som kom bak den.

Bil eller sjark på hjul?
Foto: Oddleif Løset / NRK

Britiske turistar

På nært hald var det likevel ikkje mykje tvil om at det var tale om ein bil.

Med sine tre hjul var det i knappe vestlandssvingar på nippet at dei britiske turistane ikkje hamna på sida.