Hopp til innhold

Heller klatring enn brevandring

Kursarrangørar opplever stor spurnad etter klatrekurs, medan interessa for brekurs er laber.

Klatring bedre enn gameboy
Foto: ukjent

- I år har me ventelister til klatrekursa våre. Samstundes opplever me litt mindre påmelding til brekursa enn tidlegare, seier dagleg leiar Ove Gunnar Drageset i verksemda Breoppleving på Sandane.

Drageset trur bygginga av fleire klatreveggar har hatt stor innverknad på interessa for sporten.

- Veggane får fleire til å prøva klatring. Dei er lett tilgjengelege, og ein kan bruka dei heile året.

Må tilpassa

Dei siste fem åra har talet på medlem i Norges klatreforbund auka med over 3 500.

At folk tykkjer det er kjekt å klamra seg til ein fjellvegg, og at dette kanskje går utover interessa for breaktivitetar, har også Den Norske Turistforening erfart.

- I 2006 arrangerte me for første gong fleire klatrekurs enn brekurs, fortel fagansvarleg for fjellsport, Anne-Mari Planke.

Planke helsar klatreboomen velkomen, men ønskjer på langt nær å  oppgi satsinga på brevandring. 

- Me må tilpassa brekursa, slik at folk held fram med å gå på breane.

Sel mykje klatreutstyr

Dagleg leiar Bjørn Sandsmark hjå Førde Sport stadfestar trenden.

- Me sel færre stegjarn og isøkser til bruk på bre enn det me har gjort tidlegare. Klatreutstyr går det veldig mykje av, seier Sandsmark.