Hopp til innhold

Historisk Raad

Trude Raad vart historisk då ho som fyrste utøvaren frå fylket som er komen til to finalar i eit friidretts-VM.

Trude Raad
Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

Under U18 VM i sleggjekast i Tsjekkia i helga kasta ho til 11. plass i finalen. Men med resultatet 50, 62 i første omgang og to daude kast, vart det ikkje fullklaff for Trude. I kvalifiseringa kasta ho 53, 81 medan årsbeste er på 55, 44.

Leiar for den norske troppen i Tsjekkia, Jørund Årdal, seier Trude er skuffa over eigen innsats, men allereie 23. juli er det klart for nye sjansar. Då startar ungdoms OL i Beograd, og Raad er utteken i diskos. 17- åringen er alt i full gang med førebuingane.