Hopp til innhold

Trur Charlotte gøymer seg

Politiet i Årdal trur den sakna Charlotte Moene (17) gøymer seg med vilje.

Politiet trur den sakna i Øvre Årdal har gøymt seg med vilje.
Foto: Ragnhild Skahjem/Porten.no

- Per i dag er det ingenting som tilseier at det er tale om kriminelle handlingar. Slik vi ser det kan ho ha gått frå Årdal for å komme seg vekk i ein periode, seier politibetjent Knut Arne Klingenberg.

Trur Charlotte gøymer seg

Charlotte Moene stakk frå heimen sin måndag føremiddag og store leitemannskap har sidan leita etter 17-åringen frå Øvre Årdal. Politiet har fått inn ei rekke tips om observasjonar, men står så langt utan spor etter jenta. Politiet arbeider ut i frå teorien at jenta har gøymt seg vekk med vilje.

- Det er ut i frå det vi leiter etter og at det ikkje er lagt att andre spor enn dei vi har å jobbe ut i frå, seier Klingenberg.

Leitemannskap søker etter 17 år gamle Charlotte Moene frå Øvre Årdal.
Foto: Porten.no / NRK

Held fram søk

Det vert i dag søkt i eit hyttefelt på Sletterust i Tyin. Dette er spor som politiet meiner dei ikkje fekk sjekke godt nok ut i går. Vidare vert det søkt ved Tronteigen, som ligg fram mot Utladalen, og det er sendt folk til Loi der det også er gjort observasjon.

Mannskap går også opp mot Eldegården og Løst, midt mellom Øvre Årdal og Årdalstangen.

Opprettar kriseteam

Politiet har i morgontimane sitte i møtet med kriseteamet i kommunen. Der bestemte dei seg for å opprette ein kontaktpost for dei unge. Mange av dei som har vore med i søket er vener og idrettskameratar av den sakna.

- Det skal vere møte i storstova på ungdomsskulen i Øvre Årdal frå klokka 16 til 17 i ettermiddag for å gå ut til ungdomen med likeretta informasjon og prøve å gje dei svar på dei spørsmål dei har og enkelte samtalar for dei som har behov for det, seier Klingenberg.

Charlotte Moene
Foto: Politi / NRK

Ynskjer tips

Den sakna reiste frå heimen kring kl 11.00 måndag føremiddag, og hadde ein avtale kl 12.00 som ho ikkje møtte opp til. Foreldra melde henne sakna klokka 15.30 same dag.

Tips og observasjonar kan ein gje til Operasjonssentralen Sogn og Fjordane politidistrikt på telefon 57 75 88 00, eller næraste politi.

Lys goretex-jakke

Jenta er 170 cm høg, har skulderlangt mørkeblondt hår med blonde striper. Då ho forsvann hadde ho på seg ei lys goretex-jakke med limefarga felt, dongeribukse som var lys/mørk og kvite sko.