Hopp til innhold

Registrerer seg for å sleppe skatt

Stadig fleire utanlandske bygningsarbeidarar etablerer enkeltpersonsføretak for å sleppe å betale skatt.

Polsk arbeidskraft
Foto: Ørn Borgen / Scanpix

Ved å etablere enkeltpersonsføretak kan dei arbeide 18 månadar i Noreg utan å betale skatt.

Har 12 firma

Arve Mjømen ved Mjømen og Berge Byggeverksemd i Gulen, seier at han har hyra inn 12 slike firma frå Polen og Tyskland.

- Dei har som regel sine eigne firma der dei kjem i frå. Så registrerer dei eigne enkeltmannsføretak i Noreg. Det er ofte fordi dei ikkje vil flytte hit, men er her for å tene pengar til eit godt formål i heimlandet, seier Mjømen.

Skeptisk ordførar

Varaordførar i Gulen Hallvard Oppedal frå Senterpartiet tykkjer det er synd at kommunen då går glipp av sårt tiltrengte inntekter.

- Prinsipielt tykkjer eg det er ein måte å prøve å finne smutthol og prøve å unngå dei reglane som er. Det er sjølvsagt innan lovverket, men eg likar det lite, seier han og meiner at han ynskjer å legge til rette for arbeidsinnvandring, men helst på ein slik måte at dei flyttar hit med med sine familiar.

Varslar aksjon

Det er ikkje nødvendigvis slik at arbeidstakarane tener på å gjera det på denne måten, eller at det berre er dei som har fordeler av det.

Ein arbeidsgjevar som hyrer inn eit enkeltpersonføretak, kan mellom anna omgå det såkalla allmenngjeringsvedtaket, som skal sikra utanlandske byggarbeidarar lønn etter norsk tariff.

Distriktssekretær Oddbjørn Aalen i Fellesforbundet er skeptisk til utviklinga. Med bakgrunn i at arbeidsinnvandringa til fylket aukar, skal Arbeidstilsynet i haust gjennomføra ein stortstilt kampanje innan bygg- og anlegg. Seniorrådgjevar Oddvar Mikalsen ved tilsynskontoret i Førde trur mange av enkeltpersonsføretaka i denne bransjen ikkje er reelle.