- Bygdene er miljøverstingar
- Å ha folk buande i distrikta er øydeleggande for miljøet. Det meiner professor i samfunnsgeografi, Tor Fredrik Rasmussen.
Publisert 29.06.2007 12:17.
- Skriv ut
Han seier at forsking viser at folk i distrikta køyrer meir bil og brukar mindre miljøvennleg oppvarming.
- Vi har statistikk som viser at når ein bur i distrikta, så forureinar ein meir per innbyggar enn om ein bur i byane, meiner han.
- Miljøfiendtlig
Aftenposten har i dag overskrifter om at bygdene er klimaskurkar og at distriktspolitikken er miljøfiendtleg.
For den pensjonerte professoren ved Universitetet i Oslo kjem med ei kraftig breiside mot norsk distriktspolitikk.
Han meiner distrikta er miljøverstingar fordi det der er mindre kollektivtransport, meir forureinande oppvarmingskjelder og dårlegare avfallshandtering.
Meiner politikarane er naive
Rasmussen meiner politikarane ikkje vil ta dette innover seg i distriktspolitikken.
- Folk har vore så naive at dei har trudd at det var best for alle å bu i distrikta. Augo har vore lukka for konsekvensane av denne politikken, seier han.
- Prega av stemmefiske
Regjeringa har nyleg lansert ambisiøse miljømål som kraftige Co2-kutt. Men han at politikarane til no har vore meir opptekne av stemmefiske.
- Heile distriktspolitikken har i sterk grad vore prega av stemmefiske. Ingen politiske parti har verkeleg seriøst teke opp dette spørsmålet, fordi dei marginale stemmene som avgjer samansetning av Stortinget ofte er å finne i distrikta.
Han meiner dei leggje opp til auka fråflytting frå bygdene dersom ein skal redde miljøet.










Skal leve av naturen i eitt år