Oter skremmer laks

Svoltne otrar skremmer laksen i Gaula frå å gå opp laksetrappene. No vil elveeigarlaget ta livet av rovdyra.
Publisert 25.06.2007 13:09.
- Skriv ut
- Me har inntrykk av at det er meir oter i år enn tidlegare, seier formann Ole Rune Døskeland i Gaula elveeigarlag.
Det freda mårdyret har vorte ei stor plage for laksefiskarane i Gaula. Idet laksen prøver å gå opp trappa, står oteren klar og jagar dei ned att i elva.
Gyteproblem
- Laksetrappene vert fylt med fisk som følgjer instinkta sine og søker oppover. Dette veit oteren, fortel Døskeland.
Ikkje berre skremmer oteren laksen nedover. Den forsyner seg også av fisken. Døskeland fryktar at ikkje nok gytefisk kjem seg opp til gyteplassane lenger opp i elva.
- Må ha fellingsløyve
Elveeigarlaget hadde fellingsløyve på to otrar i fjor, men ingen kom i nærleiken av dyra.
- Den er veldig sky. Me ser ofte oter, men det er veldig vanskeleg å komma på skothald.
Døskeland vonar Fylkesmannen vil gi elveeigarlaget nytt løyve til å fella to otrar. Etter protestar frå dyrevernorganisasjonen NOAH, fekk elveeigarlaget i Gloppen avslag på ein tilsvarande søknad. Døskeland meiner det vil få store konsekvensar dersom det same skulle henda i Gaula.
- I år er det slik at me må ha fellingsløyve for å ta ut i alle høve eit par av individa.

Siste: Sogn og Fjordane
- Fekk nytt løyve til å avlive jerv
- Ho er 90 og hekta på data
- Viktig bortesiger for Saga
- Valsvik skåra for landslaget
- Håper folk vil gi pengar til søk
- Tapar pengar på skadd kraftverk
- Må betale dyrt for å bryte kviletid
- Tok avskjed med Ottar Starheim
- Grunnstøytte på draumeturen
- Gir nytt liv i Trollebø-fabrikken
Siste: Sogn og Fjordane
Fekk nytt løyve til å avlive jerv - Ho er 90 og hekta på data
- Viktig bortesiger for Saga
- Valsvik skåra for landslaget
- Håper folk vil gi pengar til søk
- Tapar pengar på skadd kraftverk
- Må betale dyrt for å bryte kviletid
- Tok avskjed med Ottar Starheim
- Grunnstøytte på draumeturen
- Gir nytt liv i Trollebø-fabrikken

















Sol og sommar i fylket