Senter skal hjelpe innvandrarar
Eit nytt prosjekt i Sogndal skal inkludere innvandrarar betre i lokalsamfunnet. Det nye senteret skal bli ein møteplass for folk med ulik kulturell bakgrunn.
Publisert 16.03.2006 09:11.
- Skriv ut
Prosjektleiar, Leif Egil Kalstad, meiner prosjektet er viktig.
- Det er eit senter for innvandrarar som har fått opphaldsløyve. Oppgåva vår er å få desse ut i jobb og ut i lokalsamfunnet, seier han.
Fjøra Intro
Det er Sogndal kommune og Frelsesarmeen som står bak prosjektet. Senteret som har fått namnet Fjøra Intro, har også fått støtte frå Utlendingsdirektoratet. Men trass i at senteret i fyrste rekkje er for innvandrarar, er målet også å engasjere resten av bygda.
- Vi håper at lokalbefolkninga i Sogndal brukar dette senteret som ein møteplass og eit kontaktpunkt mot innvandrarane, seier han.
- Viktig senter
Kalstad meiner fleire kommunar må ta initiativ til slike prosjekt.
- Det er viktig med eit slikt senter. Det å komme framand til eit land og ikkje kunne språket og ha eit kontaktnett rundt seg er vanskeleg, seier han.
Har vore sakna
Jan Ingar Nordheim er flyktningekonsulent i Sogndal kommune. Dagleg møter han innvandrarar i jobben sin. Han seier dette senteret er noko dei har sakna.
- Vi ser fram til å vere med på utforme dette senteret. Vi håper at dette kan vere ein møteplass som dei kan dra nytte av, seier han.
Nordheim håpar det nye senteret kan supplere tilboda som eksisterer i dag.
- Det er spesielt den første tida det er viktig å ha eit tilbod. Vi håper at dei som allereie er busette og som har eit nettverk, vil vere viktige bidragsytarar, seier Nordheim.
Sogn
- Sogndal 2 vann målrikt lokalderby
- Biltjuv fakka i Årdal
- Cruisehamn gir nytt håp for hotell
- Russarane trekkjer importforbodet
- Går glipp av nyetablering
- Veolia vurderer å klage
- Fylkesbaatane vann
- Rallarvegen i forfall
- - Sogndal framfor Skjolden
- Sogndalselevar best i retorikk
- Vik skisenter ber om pengar
Siste: Sogn og Fjordane
- Fekk nytt løyve til å avlive jerv
- Ho er 90 og hekta på data
- Viktig bortesiger for Saga
- Valsvik skåra for landslaget
- Håper folk vil gi pengar til søk
- Tapar pengar på skadd kraftverk
- Må betale dyrt for å bryte kviletid
- Tok avskjed med Ottar Starheim
- Grunnstøytte på draumeturen
- Gir nytt liv i Trollebø-fabrikken
Siste: Sogn og Fjordane
Fekk nytt løyve til å avlive jerv - Ho er 90 og hekta på data
- Viktig bortesiger for Saga
- Valsvik skåra for landslaget
- Håper folk vil gi pengar til søk
- Tapar pengar på skadd kraftverk
- Må betale dyrt for å bryte kviletid
- Tok avskjed med Ottar Starheim
- Grunnstøytte på draumeturen
- Gir nytt liv i Trollebø-fabrikken

















Sol og sommar i fylket