Hopp til innhold

Krev millionar etter sjukehustabbe

 Ein familie i Sunnfjord krev fleire millionar i erstatning etter at ein mann vart invalid på grunn av ein sjukehustabbe.

Mannen vart behandla for hjerneblødning, og operasjonen var vellukka.

Men då han skulle overflyttast til ein ny sengepost, gjekk alt gale.

Send til Sveits

Fram til mannen fekk den første hjerneblødninga i januar 2002 var han i fullt arbeid.

På grunn av ei medfødd liding var mannen utsett for blødningar, og han vart send til utgreiing på Haukeland universitetssjukehus. I september vart det bestemt at han skulle opererast ved eit sjukehus i Zurich i Sveits. Familien fekk vite at det var ein enkel operasjon, og liten rissiko for varige skader.

Hovudet i feil høgde

Inngrepet var vellukka, men dagen etter fekk han ei mindre hjerneblødning.

Sunnfjordingen var på betringens veg, då han vart overflytta til ein ny sengepost, og det fatale skjedde.

Ved ein glipp vart han liggande med hovudet i feil høgde, og det starta å drype væske frå drenposen i hovudet.

Mannen vart alvorleg skadd, og er i dag 100 prosent invalid.

Kjempa i fem år

I nesten fem år har familien kjempa for å få erstatning, men pasientskadenemnda ville ikkje vedgå ansvar.

I forige veke skulle saka vore oppe i retten. Men då ein sakkunnig slo fast at sjukehuset hadde gjort ein alvorleg feil vedgjekk pasientskadenemnda ansvar.

No vil familien truleg kreve fleire millionar i erstatning. Blir ikkje dei to partane samde, blir det ein ny runde i retten.

Vil ikkje uttale seg

Kva som hadde skjedd med mannen dersom han ikkje hadde gjenomført operasjonen blir eit sentralt tema i utmålinga av erstatninga.

Advokat Eirik Johan Mjelde seier på vegne av kona til mannen at dei ikkje vil uttale seg om saka. Det vil heller ikkje direktør i Pasientskadenemnda, Rose Marie Christiansen.