Hopp til innhold

Tannlegar kan oppdage sex-overgrep

Skal tannlegar kunne melde frå om seksuelle overgrep mot born, må dei gjennom ei omfattande skulering, seier fylkestannlege Erik Orten i Sogn og Fjordane.

Tannbehandling

Arkivfoto

Foto: Rainer Prang / NRK

Barneombodet vil at tannlegar skal melde frå til barnevernet viss dei får mistanke om at ungar er utsette for overgrep.

- Utspelet er interessant, dersom vi kan bidra med noko så synest eg vi skal det, seier fylkestannlege Orten.

 

Tettare samarbeid

Tannlegar har born til systematisk behandling fram til dei er 18 år. Tannlegane kan difor oppdaga seksuelle overgrep ved å observere åtferda til ungane. Det er difor barneombodet og spesialist i barnetannpleie, Anne Rønneberg, vil at tannlegar skal samarbeide tettare med barnevernet når dei får mistankar om overgrep.

- Uttrykkslause ansikt

- Vi veit at det skjer orale seksuelle overgrep, og då er det klart at borna vil få eit spesielt forhold til eigen munn. Dei har dette uttrykkslause ansiktet, eit lite barn som ikkje uttrykkjer smerte, men som berre har desse stille tårene som renn, og som berre ligg der og gaper.

- Må få grundig kursing

Fylkestannlege Erik Orten i Sogn og Fjordane ser at tannlegane kan vera i ein unik posisjon for å oppdaga seksuelle overgrep, men:

- Dersom dette skal systematiserast, og vi skal ha ei oppmoding eller plikt til å melde frå, så må vi vere vite kva vi held på med og trø varsamt. Her trengs det grundig kursing, for dersom vi skal gripe inn må vi vere trygge på kva vi gjer. 

Kraftig auke i Sverige

I Skåne i Sverige har talet på meldingar om overgrep til barnevernet auka kraftig etter at tannlegane starta med å rapportere sine mistankar.