Bjørn på binnejakt i Vest

Dei er kjend for å vandre fleire mil i jakta på ein make. Igjen kan Sogn og Fjordane få besøk av bjørn.
Publisert 05.06.2007 08:40.
- Skriv ut
Minst to hannbjørnar har kryssa Gudbrandsdalslågen og er observert på vandring vestover. Mogens Lorentzen i Statens naturoppsyn i Oppland ser ikkje vekk i frå at det kan vere fleire.
- Dei er pionerar og er mykje ute og fartar for å sjå om det er binne ein stad. Då går dei mange, mange mil. Mykje, mykje lenger enn vi menneske kan førestille oss.
Observert spor
I fjor gjorde bjørnen saman med jerven vei i vellinga i saueflokkane i Indre Sogn, og det har vore gjort iherdige forsøk på å få ta livet av bamsen som styresmaktene seier ikkje skal ha tilhald her. 1. mai vart det sett spor av bjørn frå Mørkisdalen i Luster og over til Skjåk.
Hermund Mjelstad hos fylkesmannen i Sogn og Fjordane følgjer også med på bjørnen sine rørsler. Han vonar at hannbjørnane snur før den kjem til vårt fylke.
Både sau og binne
Dersom ein av dei er same bjørnen som var her i fjor, veit han at om det ikkje finst binne å jakte på, er her godt med sau. Mjelstad vonar difor at vi slepp besøk av bamsen.
- Det er ein viss risiko for at den kjem att, men det er eit visst håp om at han er blitt vaksen nok til at han trekk attende til Hedmarken og traktene der. Det er der han skal vere. Når bjørnen er unge så vert dei jaga vekk frå dei områda, seier han.
Budde på besøk
- Det har vist seg tidlegare at dei fleste bjørnane stoggar før dei kjem til Sogn og Fjordane. Dei ser på terrenget og skjønar at det ikkje er fleire bjørnar å treffe på og snur, held Mjelstad fram. På andre sida av fylkesgrensa meiner Lorentzen at vi også i år må vere budde på bjørne-besøk.
- Den dukkar opp der ein minst ventar det. Plutseleg er den der, seier han.
Siste: Sogn og Fjordane
- Fekk nytt løyve til å avlive jerv
- Ho er 90 og hekta på data
- Viktig bortesiger for Saga
- Valsvik skåra for landslaget
- Håper folk vil gi pengar til søk
- Tapar pengar på skadd kraftverk
- Må betale dyrt for å bryte kviletid
- Tok avskjed med Ottar Starheim
- Grunnstøytte på draumeturen
- Gir nytt liv i Trollebø-fabrikken
Siste: Sogn og Fjordane
Fekk nytt løyve til å avlive jerv - Ho er 90 og hekta på data
- Viktig bortesiger for Saga
- Valsvik skåra for landslaget
- Håper folk vil gi pengar til søk
- Tapar pengar på skadd kraftverk
- Må betale dyrt for å bryte kviletid
- Tok avskjed med Ottar Starheim
- Grunnstøytte på draumeturen
- Gir nytt liv i Trollebø-fabrikken

















Sol og sommar i fylket