Hopp til innhold

Fallskjermulukke i Jølster

Ein sunnfjording i 40-åra er frakta med luftambulanse til sentralsjukehuset i Førde med moderate skader etter eit fallskjermhopp.

Luftsportulukke i Jølster.
Foto: Karoline Vie

Stein Erikstad såg mannen styrte i bakken frå altanen sin i Hjellbrekkfeltet på Vassenden.

- Eg høyrde det susa forferdeleg. Han sneia husa og gjekk rett i bakken lenger nede. Det gjekk veldig fort. 

- Med det same såg det utan tvil veldig skummelt ut. Eg høyrde han rope og ringde 113. Kona mi, som er sjukepleiar, sprang til med det same, seier Erikstad.

Moderate skader

Ulukka skjedde i 16.30-tida måndag, og mannen vart send med luftambulanse til Sentralsjukehuset. Måndag kveld opplyste politiet at mannen hadde fått moderate skader, tilstanden er stabil og han ligg på intensivavdelinga.

Normalt fallskjermhopp

Arild Stokkereit ved Sogn og Fjordane Politidistikt seier avhøyra av vitne til ulukka, tyder på at det var eit normalt fallskjermhopp. Men mannen har snubla i samband med landinga og blitt dregen 10 meter etter fallskjermen. Det er også klart at skjermen hadde stor fart, men Stokkereit seier det førebels ikkje er noko som tyder på at det hadde skjedd noko feil med skjermen undervegs.

Røynd hoppar

Mannen, som er i 40-åra og ein røynd fallskjermhoppar, og medlem av Voss fallskjermklubb. Han bur i bustadfeltet der han landa og var følgjeleg godt kjend i området. 

Ulukka blir rapportert

Politiet opplyser at ulukka blir rapportert til Norsk luftsportsforbund, slik rutinane er. Arild Stokkereit reknar så med at forbundet vil ta kontakt med politiet i etterkant.