26.05.2012

Lokka Fylkesbaatane med pengar

Avtalen som gjer at Fjord1 Fylkesbaatane får pengar om båtruta til Frønningen i Lærdal vert lagt ned, var ei gulrot.

Målet med avtalen var å få reiarlaget i si tid til å subsidiere ferjeruta til bygda.

- Vi har eigentleg subsidiert Frønningen i utgangspunktet, og difor synest vi det ikkje er urimeleg at vi får ein del av desse pengane tilbake,  seier direktør Stig Kristoffersen i Fjord1 Fylkesbaatane.

Då Lærdalstunnelen kom vart både ferjetilbodet og båttilbodet mellom Gudvangen og Flåm og nordsida av fjorden sterkt redusert. For å oppretthalde sambandet til Frønningen, som ikkje fekk nytte av den nye tunnelen, inngjekk fylkeskommunen og Fjord1 Fylkesbaatane i 2002 ein fem-årig avtale.  

- For å få til ei løysing gjekk vi ned på prisen, seier Kristoffersen.

- Trur på løysing

Inntil no har Frønningen hatt både ferjerute tre dagar i veka i vinterhalvåret, og ein passasjerbåt. Men når fylket no skal spare pengar på samferdsla, vil administrasjonen kutte passasjerbåten. Innsparinga er 840.000 kroner og ifølgje avtalen skal fylkesreiarlaget altså ha halvparten.

I dag skal samferdslepolitikarane avgjere rutekutta i samferdsla, men dersom båten til Frønningen blir borte, håpar likevel Lærdalsordførar Knut O. Aarethun at innsparingane blir så store at det kan bli pengar til overs og framleis båtrute til Frønningen.

- Får ikkje pengane

- Fjord1 Fylkesbaatane får ikkje pengar for eventuelle rutekutt til Frønningen.

Det opplyste assisterande fylkesdirektør Endre Høgalmen i samferdsleutvalet onsdag. Reiarlaget skal etter avtalen ha halvparten av mogelege innsparingar på ruta til Frønningen, men ikkje av rutekutt. Det inneber at fylkeskommunen får storparten av pengane dersom utvalet kuttar passasjerbåten til Frønningen.