Hopp til innhold

Distriktsprogramrådet

Dette er distriktsprogramrådet for NRK Sogn og Fjordane. Det er Kringkastingslova som fastset at det skal vere eit folkevalt råd for kvart distriktskontor, og det vert oppnemnt av fylkestinget for fire år om gongen.

Monica Oppedal er leiar av distriktsprogramrådet i Sogn og Fjordane.

Dei andre i rådet for perioden 2011-2015 er Hilde Kvamsås Aa, Jan Taule, Karoline Bjerkeset og Ingvar Torsvik Myrvollen.

Distriktsprogramrådet skal uttale seg om hovudlinene i programverksemda til distriktskontoret og om dei programsaker som vert lagt fram av NRK. Rådet skal vere eit bindeledd mellom NRK og lyttarar og sjåarar.

Dersom du er misnøgd eller glad for saker og program som NRK Sogn og Fjordane har laga, er det naturleg å ta det opp med leiinga av distriktskontoret. (Sjå .) Men du kan også klage/rose til distriktsprogramrådet.

E-postadressa til leiar Monica Oppedal i distriktsprogramrådet er monica.oppedal@dna.no.