Stor interesse for gründerprosjekt
Gründarar frå heile fylket har meldt seg på Huldra-prosjektet.
Publisert 13.04.2007 11:39.
- Skriv ut
Prosjektet har som mål å auke og styrke gründerånda til kvinner. Ei av dei som har søkt om å få vere med er Irene Ivin frå Sogndal.
- Noko av det som er mest utfordrande med å drive for seg sjølv er at ein føler at ein "leikar" butikk. Det er veldig mykje å setje seg inn i, seier ho.
Vil lære meir
I haust starta Ivin opp ballongbedrifta Jubalong i Sogndal. No håper ho å lære meir om det å drive eiga bedrift.
- Det å kunne få inspirasjon og å vere ein del av eitt fellesskap er viktig. Samstundes kan vi knyte kontaktar i forhold til næringsliv og rådgjevarar, seier ho.
Stor variasjon
Over tjue kvinner har søkt om å få vere med på Huldra-prosjektet. Og det er stor variasjon blant dei som har søkt, seier Synnøve Aabrekk. Ho er dagleg leiar i Nordfjordeid næringshage og ein av initiativtakarane bak prosjektet.
- Det handlar mellom anna om design, matproduksjon, tekniske løysingar og kunst, seier ho.
Ballongartist
Og for dei som har ein god forretningsidé, er det ikkje for seint. Fristen for å søkje om å vere med går først ut måndag.
Målet til Huldra-prosjektet er at fleire kvinner skal gjere som Irene Ivin og starte si eigen bedrift.
- Ballongar er moro! Eg utdannar meg no og håper å bli ballongartist etter å ha teke eksamen i Dublin til hausten, seier Ivin.
Siste: Sogn og Fjordane
| Skisenter | Ver | Siste snøfall |
|---|---|---|
| Levert av Skiinfo.no | ||
| Breimsbygda |
|
06/02 (20 cm) |
| Sogndal - Hodlekve |
|
06/02 (47 cm) |
| Jølster |
|
09/02 (5 cm) |
| Harpefossen |
|
06/02 (5 cm) |
| Sogn Skisenter |
|
06/02 (25 cm) |
| Stryn |
|
02/02 (20 cm) |
| Sunnfjord |
|
09/02 (10 cm) |
















Hovland netta for Molde
Bjarne Lerum Bilmuseum