Hopp til innhold

Brua kostar to milliardar

Ei ferjefri kryssing av Nordfjorden vil koste mellom 1,7 og 3,2 milliardar kroner.

Planlagd bru over Nordfjorden.
Foto: Montasje: Aas-Jakobsen.

Frå venstre Gloppen-ordførar Anders Ryssdal, Eid-ordførar Sonja Edvardsen og vegsjef Ole Chr. Torrp.
Foto: Asgeir Reksnes / NRK

Det kom fram då planane vart viste fram for toppolitikarar, byråkratar og næringslivet i dag.

19 år gamle planar

Rapporten som vart presentert i dag har pussa støv og oppdatert gamle planar som var lanserte for 19 år sidan. I tillegg kjem rapporten med tre nye alternative kryssingar.

Konklusjonen på rapporten er at ei fast pelebru blir billegaste alternativet for ferjefri kryssing av Nordfjorden mellom Anda og Lote. Kostnaden med dette alternativet er rekna til 1,7 milliardar kroner.

Undersjøisk tunnel

Rapporten har vurdert fast bru, flytebru, røyrbru, senketunnel og ein undersjøisk fjelltunnel. Det desidert dyraste alternativet er fjelltunnelen, med ein kostnad på 3,2 milliardar.

To av alternativa er bruer som ser ut som hengebruer, til vel 2,2 milliardar kroner. Denne brua vil få eit bruspenn på 1730 meter, og det vil i så fall verte verdas nest lengste.

Eitt anna alternativ var røyrbru som kostar vel 2,6 milliardar. Fagfolk ser på desse alternativa som dei mest realistiske. Ei hengevi

Har tru på planane

Gloppen-ordførar Anders Ryssdal har stor tru på at det vil verte mogeleg å krysse Nordfjorden utan ferje ein gong i framtida.

- Dette er eit steg på vegen. Eg er styrka i trua på at det er mogeleg å få til ei ferjefri kryssing av Nordfjorden.

Også regionvegsjef Ole Christian Torp er positiv til planane.

- Eg tykkjer det er spennande tankar som er lagde fram.

- Langt fram i tid

Tidlegare er det blitt sagt at brua skal vere med i  nasjonal transportplan frå 2010 til 2019, men det meiner Torp er urealistisk. Han peikar på at nordfjordingane ikkje er åleine om å jobbe for store prosjekt langs E39. 

- Det er for tidleg. Det skal arbeidast godt med sikte på å kome med i planperioden frå 2014 til 2023.

Men for å bygge bruer krevst det pengar. Samferdsleminister Liv Signe Navarsete har tidlegare annonsert at ho ynskjer seg fleire spenstige vegprosjekt frå heimfylket. Ei bru til over to milliardar kroner vil bli eitt av dei største samferdsleprosjekta fylket nokon gong har sett. 

- Før Sognefjorden

Men det skremmer heller ikkje fylkesordførar Nils R. Sandal, som også trur brua vil kome - sjølv om det vil ta tid.

- Eg trur bru ei bru over Nordfjorden vil stå ferdig før ferjefri kryssing av Sognefjorden som byr på større tekniske utfordringar.