Lærarar i Zambia får hjelp frå Sogn
I konkurranse med fleire av dei store høgskulane i landet har Høgskulen i Sogn og Fjordane fått i oppdrag å bygge opp ei treårig lærarutdanning i Zambia.
Publisert 14.03.2006 18:17.
- Skriv ut
Utanriksdepartementet løyver over 1 million kroner til prosjektet.
I dag har lærarstudentar i Livingstone i Zambia eit tilbod om ei toårig utdanning. Dette skal, med hjelp frå Høgskulen i Sogn og Fjordane bli til tre år. Samtidig skal kompetansen hevast slik at standarden på sikt kan kome opp på eit europeisk høgskulenivå, seier prosjektleiar og høgskulelektor Ane Bergersen.
- Hjelper på rekrutteringa
Det er Senter for internasjonalisering av høgare utdanning (SIU) som står bak satsinga i Zambia. Dei har fått med seg NORAD og totalt er det løyvd 1,2 millionar kroner til det toårige prosjeket som altså blir leia av Høgskulen i Sogn og Fjordane.
Dekan ved lærarutdanninga Svein Heggheim meiner dette er eit viktig steg i høgskulen si internasjonale satsing. Han trur også at det vil hjelpe på rekrutteringa til lærarutdanninga.
Høgskulen sine erfaringar med å byggje opp ei fullverdig lærarutdanning i Zambia kan vere starten på noko større. Ane Bergersen trur nemleg at fleire avdelingar ved skulen kan bidra med sin kompetansje i andre utviklingsland.
Sogn
- Sogndal 2 vann målrikt lokalderby
- Biltjuv fakka i Årdal
- Cruisehamn gir nytt håp for hotell
- Russarane trekkjer importforbodet
- Går glipp av nyetablering
- Veolia vurderer å klage
- Fylkesbaatane vann
- Rallarvegen i forfall
- - Sogndal framfor Skjolden
- Sogndalselevar best i retorikk
- Vik skisenter ber om pengar
Siste: Sogn og Fjordane
- Fekk nytt løyve til å avlive jerv
- Ho er 90 og hekta på data
- Viktig bortesiger for Saga
- Valsvik skåra for landslaget
- Håper folk vil gi pengar til søk
- Tapar pengar på skadd kraftverk
- Må betale dyrt for å bryte kviletid
- Tok avskjed med Ottar Starheim
- Grunnstøytte på draumeturen
- Gir nytt liv i Trollebø-fabrikken
Siste: Sogn og Fjordane
Fekk nytt løyve til å avlive jerv - Ho er 90 og hekta på data
- Viktig bortesiger for Saga
- Valsvik skåra for landslaget
- Håper folk vil gi pengar til søk
- Tapar pengar på skadd kraftverk
- Må betale dyrt for å bryte kviletid
- Tok avskjed med Ottar Starheim
- Grunnstøytte på draumeturen
- Gir nytt liv i Trollebø-fabrikken

















Sol og sommar i fylket