Samlar seg rundt Fredriksen

Grunneigarane ved Nausta samlar seg no rundt milliardær John Fredriksen i den oppheita striden om fisket i elva.
Publisert 30.03.2007 12:00.
- Skriv ut
For eit par dagar sidan gjekk grunneigar Reinhart Veien hardt ut mot at det rådande forvaltningsarbeidet i Nausta. Han viste mellom anna til at John Fredriksen har spytta inn store summar til kultiveringsarbeidet, under klar føresetnad av at fiskesesongen vart flytta fram frå 15. til 1. juni.
- Her har kommeriselle interesser vorte prioriterte framfor laksestammen, sa han mellom anna.
Sterke reaksjonar
Utspelet frå Veien har skapt sterke reaksjonar hos dei andre grunneigarane.
_ Styret i eleveeigarlaget hadde møte torsdag kveld der det vart teke unisom avstand frå Veien si framstiling av saka. Det at John Fredriksen bidreg til å utarme fisket i Nausta er tull og tøys. Han har i årevis sprøyta inn midlar for å styrkje nettopp villaksen. Skuldingane mot han er difor fullstendig tøvene. Det er også tøvete at Norsk Institutt for Naturforsking (NINA) har latt seg bruka av midlane frå Fredriksen, seier leiar Kjetil Ullaland i Naustdal Elveeigarlag.
Var med på godkjenning
Han viser mellom anna til at Veien sjølv har vore med å godkjenne framflytting av lakseopninga.
- Veien var sjølv med å godkjenne noko han no tek så sterk avstand frå. Det heile er utruleg. Eg forventar at Veien går ut med ei orsaking i saka, seier Ullaland.
Også Atle Frøysland, dagleg leiar i selskapet Fabel Aktiv og mellomann mellom dei pengesterke fiskarane og grunneigarane, kjem med krass kritikk av Veien.
_ At Fredriksen er med på å utarme Nausta er så gale som det kan få bli. Fredriksen har i staden brukt store summar på å styrkje laksestammen i elva, seier han.
Også seniorforskar Torbjørn Forseth ved NINA avviser kritikken frå Veien.
_ John Fredriksen har bidrege til å styrkje laksestammen og laksestammen er på ingen måte truga, seier han.
Skuffa over NINA
Grunneigar Reinhart Veien vedgår at han var med å godkjenne flyttinga av lakseopninga.
- Eg var under tvil med på dette. Vi håpte at NINA sitt opplegg ville fungere, men det har det dessverre ikkje gjort. NINA har ikkje forstått vandringsmønsteret og sportsfiskarkulturen i elva, noko vi no må betale prisen for. I fjor vart det tilrådd å ta ut 150 mellomlaks, og det er den som bidreg mest til ynglinga av elva. I staden vart det teke opp 500 laks, seier han.
Avviser orsaking
- Ullaland krev at du kjem med ei orsaking. Kjem du til å gjere detω
- Eg ser ingen grunn til å orsake noko som helst. Eg veit at eg har rett i denne saka, seier Veien.
Fredriksen har spytta inn om lag 300.000 kroner i året til kultivering av elva sidan 2003. Også dei pengesterke karane Olav Nils Sunde og Carl Otto Løvenskiold har bidrege med store summar til kultiveringsarbeidet i elva.
Siste: Sogn og Fjordane
- Fekk nytt løyve til å avlive jerv
- Ho er 90 og hekta på data
- Viktig bortesiger for Saga
- Valsvik skåra for landslaget
- Håper folk vil gi pengar til søk
- Tapar pengar på skadd kraftverk
- Må betale dyrt for å bryte kviletid
- Tok avskjed med Ottar Starheim
- Grunnstøytte på draumeturen
- Gir nytt liv i Trollebø-fabrikken
Siste: Sogn og Fjordane
Fekk nytt løyve til å avlive jerv - Ho er 90 og hekta på data
- Viktig bortesiger for Saga
- Valsvik skåra for landslaget
- Håper folk vil gi pengar til søk
- Tapar pengar på skadd kraftverk
- Må betale dyrt for å bryte kviletid
- Tok avskjed med Ottar Starheim
- Grunnstøytte på draumeturen
- Gir nytt liv i Trollebø-fabrikken

















Sol og sommar i fylket