Utlendingar reddar Kleven

Verftet til Kleven i Førde.
Foto: Heidi Lise Bakke/NRKNesten halvparten av arbeidsstokken ved Klevenverfta i Florø og Førde er innleigd frå utlandet.
Publisert 14.03.2006 12:51.
- Skriv ut
I løpet av eit par månader kjem verfta opp i tilsaman 800 arbeidarar.
Teknisk sjef ved Kleven Florø, Jan Tore Bøe, seier det ikkje hadde gått om dei skulle ha satsa på den heimlege arbeidsmarknaden.
- Det har med tilgangen på lokal arbeidskraft å gjere. Den er veldig vanskeleg for tida, det er nesten ikkje norske arbeidsfolk å oppdrive, seier han.
500 innleigde
For Kleven er fullbooka ut neste år, og har nye opsjonar i sikte. I løpet av april og mai vil det vera over 500 innleigde på jobb på Kleven i Florø og Førde. Dei fleste kjem frå utlandet. Samstundes vil arbeidsstokken av fast tilsette passera 300.
- Heilt avhengige av andre
Med over 800 arbeidarar er verftet tilbake på dei heilt store høgder, slik dei ikkje har vore sidan 90-talet. Men noko er likevel annleis. Den gongen var to tredelar av arbeidarane fast tilsette, i dag tilsvarar det talet på innleigde. Dessutan baserer verftet seg no i mykje høgare grad på utanlandsk arbeidskraft, og i følgje Firdaposten er desse snart i fleirtal. Jan Tore Bøe stadfestar denne utviklinga.
- Skal vi kunne ta på oss dei oppdraga som vi har gjort no, så er vi heilt avhengige av innleigd arbeidskraft, seier han.
- Bør tenkje norsk
Organisasjonsarbeidar i Fellesforbundet, Jan Olav Gjerde, seier at dei forstår at bedrifta er skeptisk til å auke med eigne tilsette når dei ser kva som har skjedd i denne bransjen dei siste åra. Han meiner likevel at verfta bør satse meir på å rekruttere nordmenn.
- Vi har sagt at det å handle rimeleg, utanlandsk arbeidskraft når ein treng det, for så å kvitte seg med dei når behovet ikkje er der lenger, ikkje er rette måten å møte framtida på, seier han.
Siste: Sogn og Fjordane
- Fekk nytt løyve til å avlive jerv
- Ho er 90 og hekta på data
- Viktig bortesiger for Saga
- Valsvik skåra for landslaget
- Håper folk vil gi pengar til søk
- Tapar pengar på skadd kraftverk
- Må betale dyrt for å bryte kviletid
- Tok avskjed med Ottar Starheim
- Grunnstøytte på draumeturen
- Gir nytt liv i Trollebø-fabrikken
Siste: Sogn og Fjordane
Fekk nytt løyve til å avlive jerv - Ho er 90 og hekta på data
- Viktig bortesiger for Saga
- Valsvik skåra for landslaget
- Håper folk vil gi pengar til søk
- Tapar pengar på skadd kraftverk
- Må betale dyrt for å bryte kviletid
- Tok avskjed med Ottar Starheim
- Grunnstøytte på draumeturen
- Gir nytt liv i Trollebø-fabrikken

















Sol og sommar i fylket