Hopp til innhold

Språkkrangel

Språkundersøkinga ved Hafstad vidaregåande skule blir slakta av direktør Ottar Grepstad ved Nynorsk Kultursentrum.

Undersøkinga viser at eit fleirtal av nynorskelevane meiner bokmålsord verkar meir naturlege enn nynorske ord.

- Dette held ikkje fagleg mål, det trur eg språkvitskapen vil vere samd med meg i, seier Ottar Grepstad.

- Eg er kritisk til den metoden dei har brukt. Eg trur ikkje spørsmåla gir dei svara som dei kanskje har vore ute etter å få kartlagt.

335 elevar ved Hafstad vidaregåande skule i Førde har vore med i språkundersøkinga som har vore utført av språklærar Svein A. Sirnes og norsklærar Inge Bungum.

Elevane fekk utdelt 50 setningspar, og fekk i oppgåve å plukke ut den varianten dei meinte var mest naturleg. Den eine setninga innheldt eit tradisjonelt nynorskord, den endre ein bokmålsvariant. I 57 prosent av tilfella vart bokmålsvarianten vald.

Avviser skuldingane

Sirnes avviser skuldingane om at undersøkinga ikkje held fagleg mål, og meiner Grepstad kjem med skuldingane sine får å avleie merksemda. Grepstad nektar å ta inn over seg at målfolket sin strategi har vore feil, og at nynorskelevar vel bokmålsord framfor nynorskord, hevdar Sirnes.

- Eg trur at Grepstad ikkje vil diskutere det som undersøkinga klart syner. Når elevane vert spurde kva ordformer som er naturlege for dei, så vel dei bokmålsformer.

- Dei er feige, og det er ting målrørsla ikkje vil diskutere, for det vil avsløre at strategien deira har vore feil. Ta for eksempel dette med "Tal dialekt - skriv nynorsk". Elevane får ikkje høyre talt nynorsk nokon stad . Det er ein av grunnane til at nynorsk språktilfang står så svakt hjå elevane.

Ikkje surmaga kritikk, seier Grepstad 

- Det har ingenting med saka å gjere. Kritikken min er ikkje surmaga, den er fagleg basert. Skal ein drive med statistikk, må ein gjere det på fagleg forsvarleg vis. Det gjeld uansett om svara gav dei det eine eller andre resultatet.

Inge Bungum meiner dei som bryr seg om nynorsken må ta dette innover seg.

- Eg føler at dette er eit argumentasjonsknep ifrå Grepstad, gjennom å angripe metoden. Eg føler det faktisk er uvilje til å diskutere eit sentralt spørsmål; Korleis skal nynorsken sjå ut i framtida? Den som er bekymra for nynorsken, må våge å stille det spørsmålet.