Stein kan gje 100 arbeidsplassar
Det er på nytt store planar om bergverksdrift i Vevring i Naustdal.
Publisert 20.03.2007 17:15.
- Skriv ut
På eit folkemøte i Vevring måndag kveld opplyste selskapet Nordic Mining at dei førebur ei konsekvensutgreiing om storstila uttak av rutil frå eklogitt-fjellet på Engebø.
- Vert det ei industriell utbygging av Engebøfjellet så snakkar vi om totale investeringar på to til tre milliardar kroner og over 100 arbeidsplassar, seier administrerande direktør Ivar Fossum i Nordic Mining.
Om alt går etter planen kan det på nytt vere bergverksdrift i Vevring innan 2013.
Stein for 35 milliardar
I over 25 år har det vore arbeidd med å få til lønsam steinutvinning på Engebø i den vesle bygda Vevring i Naustdal.
Denne gongen skal det utvinnast rutil frå dei store mengdene med eklogitt i fjellet. Rutil blir mellom anna brukt som pigment til måling, plast og papirindustrien. Rutil-mengdene i Vevring er verd minst 35 milliardar kroner.
Eklogittuttak på 90-talet
På 90-talet prøvde selskapet Fjordblokk seg i seks-sju år i Vevring med eklogittuttak. Siste åra kom det internasjonale Conoco inn og vann rutilen ut av eklogitten. Men etter at Conoco gav seg gjekk Fjordblokk konkurs i 1999, og det vart ein langvarig strid om opprydding av steinmasser.
Etter dette har det vore stillstand på Engebø, trass i at fylkeskommunen også har engasjert seg i å få i gang ny drift..
Mange konflikter
Det har vore mange og samanhengande konflikter mellom kommunen, delar av bygdefolket og utbyggjarane om prosjekta på Engebø. Leiaren i Vevring Grendalag, Geir Førsund, utelukkar ikkje at det kan dukke opp nye konflikter dersom Nordic Mining ikkje rettar seg etter innspel og råd frå dei som bur i området.
Førsund reknar med at den planlagde konsekvensutgreiinga vil avklare eventuelle konfliktområde.
- Vi vil i alle fall få avklart om det er mogleg å få i gang noko utvinning i det heile, seier Førsund.
Gruvedrift i Vevring
- Gav Giske fiskepudding utan rutil
- Varslar fastlenking og aksjonar
- Havforskingsinstituttet med funn
- Engebøfjellet blir ein prøvestein
- Solheim møtt av demonstrantar
- Møter ministeren med demonstrasjon
- Vil bryte lova for Engebøfjellet
- Bygda som splittar regjeringa
- Rysta over haldning til fjorddeponi
- Set sitt politiske liv på spel
- Krev gruvevedtaket granska
Siste: Sogn og Fjordane
- Fekk nytt løyve til å avlive jerv
- Ho er 90 og hekta på data
- Viktig bortesiger for Saga
- Valsvik skåra for landslaget
- Håper folk vil gi pengar til søk
- Tapar pengar på skadd kraftverk
- Må betale dyrt for å bryte kviletid
- Tok avskjed med Ottar Starheim
- Grunnstøytte på draumeturen
- Gir nytt liv i Trollebø-fabrikken
Siste: Sogn og Fjordane
Fekk nytt løyve til å avlive jerv - Ho er 90 og hekta på data
- Viktig bortesiger for Saga
- Valsvik skåra for landslaget
- Håper folk vil gi pengar til søk
- Tapar pengar på skadd kraftverk
- Må betale dyrt for å bryte kviletid
- Tok avskjed med Ottar Starheim
- Grunnstøytte på draumeturen
- Gir nytt liv i Trollebø-fabrikken

















Sol og sommar i fylket