Foreslår Lote-Anda som gratisferje

Framstegspartiet foreslår i Stortinget at ferjesambandet Lote-Anda skal vere gratis.
Publisert 09.03.2007 12:14.
- Skriv ut
Fylkesleiar Åge Starheim vil ha sambandet kostnadsfritt allereie frå hausten i år.
- Dette er ein ferjestrekning med så stor trafikk at det verkeleg er interessant å prøve kva gratisferjer vil bety, seier han.

Åge Starheim
Foto: NRK- Best eigna
Senterpartiet og samferdleminister Liv Signe Navarsete har jobba med å få på plass eit prøveprosjekt med gratisferjer i løpet av 2008, og får no solid støtte frå Framstegspartiet. Han meiner Lote-Anda sambandet er det best eigna i fylket.
- Så fort som råd
I tillegg til Sogn og Fjordane, foreslår Frp å prøve ordninga i Hordaland, Møre og Romsdal og Nordland. Det viktigaste for partiet er likevel å få ordninga i gang så snart som råd.
- Med dette forslaget tvingar vi dei andre politiske partia på Stortinget til å måtte ta stilling til ei prøveordning, seier han.
Møreforsking konkluderte tidlegare denne veka at gratis ferjer vil koste staten dyrt, og at det berre på dei aller minste og på dei lengre ferjestrekningane vil vere samfunnsøkonomisk lønsamt.
Meiner staten må betale
Starheim har ikkje rekna på kva gratisferjer vil koste, men meiner staten må ta kostnaden.
- Det skulle berre mangle at vi ikkje ser på ferjene som ein del av vegnettet vårt. Og då det er ingen grunn at dei som bruker ferjene må betale ekstra for å komme over ein fjord, seier han.
Siste: Sogn og Fjordane
- Fekk nytt løyve til å avlive jerv
- Ho er 90 og hekta på data
- Viktig bortesiger for Saga
- Valsvik skåra for landslaget
- Håper folk vil gi pengar til søk
- Tapar pengar på skadd kraftverk
- Må betale dyrt for å bryte kviletid
- Tok avskjed med Ottar Starheim
- Grunnstøytte på draumeturen
- Gir nytt liv i Trollebø-fabrikken
Siste: Sogn og Fjordane
Fekk nytt løyve til å avlive jerv - Ho er 90 og hekta på data
- Viktig bortesiger for Saga
- Valsvik skåra for landslaget
- Håper folk vil gi pengar til søk
- Tapar pengar på skadd kraftverk
- Må betale dyrt for å bryte kviletid
- Tok avskjed med Ottar Starheim
- Grunnstøytte på draumeturen
- Gir nytt liv i Trollebø-fabrikken

















Sol og sommar i fylket