26.05.2012

Trygt heim reddar liv

Det har vore ein nedgang på mellom 22 og 30 prosent i tal skadde og drepne i trafikken her i fylket etter at prosjektet "Trygt heim for ein 50-lapp" vart innført.

Av Synnøve Aasland og Vegar Erstad

Det viser ei evaluering av prosjektet. Leiar for trafikktryggleiksutvalet, Åshild Kjelsnes, seier dette er svært gledeleg.

Ein samfunnsøkonomisk suksess

Prosjektet Trygt heim for ein 50-lapp vart som det første i landet starta her i fylket 2002. Årsaka var manglande kollektivtilbod for ungdom i helgane. For 50 kroner kan ungdomen kome seg trygt heim med drosje eller buss. Fylkeskommunen løyver omlag ein million årleg til prosjektet. Og det er transportøkonomisk institutt som på oppdrag frå fylkeskommunen no har evaluert tiltaket her i fylket. I tillegg til at dei finn ein nedgang i tal skadde og drepne i aldersgruppa 16-30 år som følgje av prosjektet, er Trygt heim for ein 50-lapp også samfunnsøkonomisk ein suksess. Nytten er 4,4 gonger større enn kostnaden, i følgje evalueringa

Har spreidd seg

Trygt heim for ein 50-lapp har etter oppstarten her i fylket spreidd seg til andre kommunar utanfor Sogn og Fjordane. Og Audun Heggestad i Trygg Trafikk håper resultatet av denne evalueringa gjer at endå fleire kommunar no ynskje å starte opp liknande prosjekt. - Det gir eit tydeleg signal til både ungdomen og foreldra at fredags- og laurdagskveldane er ein usikker kveld å køyre bil på, seier han.