Vil ha ubåtvrak fjerna

Ordføraren og fiskarlaget i Gulen reagerer sterkt på at ubåtvraket ved Fedje blir liggande på havbotnen.
Publisert 14.02.2007 07:39.
- Skriv ut
Tysdag bestemte Fiskeri- og kystdepartementet at ubåtvraket utanfor Fedje i Hordaland ikkje skal hevast, men dekkast til.
- 65 tonn kvikksølv skaper uro
Departementet har kome fram til at det er mindre miljøfarleg å late vraket frå andre verdskrigen bli liggende, samanlikna med å heve det. I nabokommunen Gulen er dei uroa over at det kvikksølvfylte vraket no blir liggjende på havbotnen.
Magne Mjånes, leiar i Byrknes og øyane fiskarlag, seier departementet si avgjerd skapar uro i Gulen.
- 65 tonn kvikksølv skapar uvisse. Dette er ei miljøgift som ikkje forsvinn, så for komande generasjonar er dette eit alvorleg trugsmål.

- For dårlege undersøkingar
Ordfører i Gulen, Trude Brosvik, meiner departementet burde ha undersøkt andre alternativ betre. Ho er ikkje nøgd med løysinga som vart lagt fram i går.
- Her burde det reise seg eit folkekrav om at fleire kunnskapsmiljø hadde vorte høyrde før dei bestemte seg for å late vraket liggje.
Aviser kritikken
Statssekretær Vidar Ulriksen avviser kritikken. Han viser til at både Norske Veritas, Norges geologiske institutt og Niva - i tillegg til eit kjent nederlandsk firma, har vore med på undersøkingane.
- Det er mange som har gjeve råd i saka. Vi har brukt den fremste ekspertisen både i Norge og internasjonalt, seier han.
Siste: Sogn og Fjordane
- Fekk nytt løyve til å avlive jerv
- Ho er 90 og hekta på data
- Viktig bortesiger for Saga
- Valsvik skåra for landslaget
- Håper folk vil gi pengar til søk
- Tapar pengar på skadd kraftverk
- Må betale dyrt for å bryte kviletid
- Tok avskjed med Ottar Starheim
- Grunnstøytte på draumeturen
- Gir nytt liv i Trollebø-fabrikken
Siste: Sogn og Fjordane
Fekk nytt løyve til å avlive jerv - Ho er 90 og hekta på data
- Viktig bortesiger for Saga
- Valsvik skåra for landslaget
- Håper folk vil gi pengar til søk
- Tapar pengar på skadd kraftverk
- Må betale dyrt for å bryte kviletid
- Tok avskjed med Ottar Starheim
- Grunnstøytte på draumeturen
- Gir nytt liv i Trollebø-fabrikken

















Sol og sommar i fylket