Skjulte dyretragedie
- Bonden som let 150 sauer døy må dømmast til 45 dagar i fengsel. Det var påstanden frå påtalemakta då saka var oppe for Sogn Tingrett denne veka.
Publisert 09.03.2006 13:37.
- Skriv ut
Den store dyretragedien i Skjolden vart oppdaga 24. mars i fjor. Då hadde det gått over to månader sidan sauene sist hadde fått mat, skriv Sogn Avis.
Den 23 år gamle bonden har vedgått dei faktiske forholda, men nektar straffskuld. Ifølgje forsvararen var mannen ikkje strafferettsleg tilrekneleg på grunn av den mentale helsetilstanden.
Sov ikkje om natta
Sogn Avis skriv at den gryande katastrofen i sauefjøsen tok fullstendig handlekrafta frå mannen som året før hadde kjøpt garden, der han heldt 150 sauer, ein hest og ein hund. Han var åleine ansvarleg for gardsdrifta, i tillegg hadde han to jobbar utanom.
Pengeproblem og det enorme arbeidspresset gjorde han handlingslamma. Då han 20. januar oppdaga fire-fem daude sauer reagerte han slik.
- Eg rygga ut, slo att døra og stengde for alt. Eg visste ikkje kva eg skulle gjere, eg sov ikkje om natta, eg vart slegen ut, sa 23-åringen i retten.
Skjulte tragedien
I tida etterpå skubba han frå seg tanken om problema i fjøsen. I løpet av dei to neste månadene var han inne i fjøsen berre ein gong, då han skulle stengje av vatnet.
- Eg klarte å skru av medan eg heldt meg for auga.
Prøvde å ta sitt eige liv
Prøvde å ta sitt eige liv
Då han neste gong kom innatt i fjøsen og såg det grusome synet av 150 daude sauer, svartna det og han rømde innatt i bustadhuset. Her låste han døra bak seg, tok hagla ned frå veggen, putta skot i kammeret og retta munningen mot seg.
- Eg var heilt rådlaus, sa 23-åringen i retten, og påstod at han drog i avtrekkaren på hagla, men at ho var sikra, skriv Sogn Avis.
Aktor i saka, politiadvokat Bjørn Larsen, meiner det må reagerast strengt, medan forsvarar Arne Gjeraker vil ha klienten frikjend.
Sogn
- Sogndal 2 vann målrikt lokalderby
- Biltjuv fakka i Årdal
- Cruisehamn gir nytt håp for hotell
- Russarane trekkjer importforbodet
- Går glipp av nyetablering
- Veolia vurderer å klage
- Fylkesbaatane vann
- Rallarvegen i forfall
- - Sogndal framfor Skjolden
- Sogndalselevar best i retorikk
- Vik skisenter ber om pengar
Siste: Sogn og Fjordane
- Fekk nytt løyve til å avlive jerv
- Ho er 90 og hekta på data
- Viktig bortesiger for Saga
- Valsvik skåra for landslaget
- Håper folk vil gi pengar til søk
- Tapar pengar på skadd kraftverk
- Må betale dyrt for å bryte kviletid
- Tok avskjed med Ottar Starheim
- Grunnstøytte på draumeturen
- Gir nytt liv i Trollebø-fabrikken
Siste: Sogn og Fjordane
Fekk nytt løyve til å avlive jerv - Ho er 90 og hekta på data
- Viktig bortesiger for Saga
- Valsvik skåra for landslaget
- Håper folk vil gi pengar til søk
- Tapar pengar på skadd kraftverk
- Må betale dyrt for å bryte kviletid
- Tok avskjed med Ottar Starheim
- Grunnstøytte på draumeturen
- Gir nytt liv i Trollebø-fabrikken

















Sol og sommar i fylket