26.05.2012

God vikje i Vasaloppet

Birgit Voll frå Vik vart nest best av dei norske kvinnene då ho enda på ein sterk 19. plass i det ni mil lange Vasaloppet i går.

35-åringen er nesten sjokkert over eigen prestasjon.

- Eg er strålande nøgd, men eg er sjokkert. Løpet var hardt i år, med nysnø i løypene seier ho.

Også Roger Aa Djupvik gjorde ein god figur under Vasaloppet. Glopparen enda på ein 45. plass i det 13.000 mann store feltet.