Historia om Helse Førde

Det er fem år sidan Helse Førde tok over drifta av sjukehusa i Sogn og Fjordane. Helseføretaket er eitt av dei mest konfliktfylte i landet. NRK Sogn og Fjordane fortel i januar historia om Helse Førde.
Publisert 18.01.2007 14:53. Oppdatert 01.02.2007 18:43.
- Skriv ut
Del 1: Kritikk mot sjukehusreforma
Det har breidd seg ein uheldig businesskultur blant leiarane for norsk sjukehus. Det seier tidlegare helsedirektør, Petter Øgar. Fem år etter at sjukehusreforma blei innførd, meiner Øgar at norske helseføretak er blitt for mykje opptekne av kroner og øre - og for lite interessert i å betre sjukehustilbodet for pasientane.
Høyr: Del 1 - Kritikk mot sjukehusreforma
Del 2: Sjukehusbråk i Sogn og Fjordane i 100 år
Helsereforma i 2002 har skjerpa sjukehuskonfliktene i Sogn og Fjordane, men sjukehusbråk har fylket slite med så lenge her har vore sjukehus.
Høyr: Del 2 - Sjukehusbråk i Sogn og Fjordane i 100 år
Del 3: Kampen om føden i Lærdal
Den forsterka fødestova i Lærdal er det sjukehustilbodet i Sogn og Fjordane som har skapt mest strid i dei fem åra helseføretaket har eksistret. Indresogningane har kjempa hardt i fire år, men no fryktar dei at fødetilbodet deira kan forsvinne i løpet av kort tid.
Høyr: Del 3 - Kampen om føden i Lærdal
Del 4: Tillit - Mistillit
I det fjerde programmet er tema Helse Førde sitt frynsete rykte. Vi spurde folk på gata om dei har tillit til dei som styrer sjukehusa.
Høyr Del 4: Tillit - mistillit
Del 5: Leiarane i Helse Førde
I fire program har vi sett søkjelyset på sjukehusa i fylket etter fem år som helseføretaket Helse Førde. Både konfliktene, mistilliten og skepsisen har fått plass i sendingane våre. No er turen komen til dei som har ansvar- dei som leiar Helse Førde.
Høyr: Historia om Helse Førde del 5 - leiarane i helseføretaket
Lyd og video
Siste: Sogn og Fjordane
- Fekk nytt løyve til å avlive jerv
- Ho er 90 og hekta på data
- Viktig bortesiger for Saga
- Valsvik skåra for landslaget
- Håper folk vil gi pengar til søk
- Tapar pengar på skadd kraftverk
- Må betale dyrt for å bryte kviletid
- Tok avskjed med Ottar Starheim
- Grunnstøytte på draumeturen
- Gir nytt liv i Trollebø-fabrikken
Siste: Sogn og Fjordane
Fekk nytt løyve til å avlive jerv - Ho er 90 og hekta på data
- Viktig bortesiger for Saga
- Valsvik skåra for landslaget
- Håper folk vil gi pengar til søk
- Tapar pengar på skadd kraftverk
- Må betale dyrt for å bryte kviletid
- Tok avskjed med Ottar Starheim
- Grunnstøytte på draumeturen
- Gir nytt liv i Trollebø-fabrikken

















Sol og sommar i fylket