26.05.2012

Havyard-ulukka har kravd tre liv

Ambulanse utanfor Havyard Leirvik (Foto: Cosmin Cosma, NRK)

Den siste av dei tre polske arbeidarane som vart skadde i arbeidsulukka på Havyard Leirvik måndag i førre veke er no død.

Han døydde seint søndag kveld. Det opplyser Helge Bua som er den norske representanten for det polske selskapet Genfer Lloyd.

Den 30 år gamle mannen kom ikkje til medvit etter ulukka. Dermed har ulukka i skipstanken ved verftet i Leirvik kravd sitt tredje menneskeliv.

Kona, foreldra og søskena var til stades då mannen døydde på Haukeland Universitetssjukehus i Bergen.

Helge Bua seier dei polske familiane er svært takksame for den støtta dei har fått frå både Havyard Leirvik og innbyggjarane i Hyllestad.