26.05.2012

Treng 35 fleire tilsette

Selskapet NorSun, som har starta bygginga av ein ny fabrikk i Årdal, treng 35 personar meir enn det dei først trudde.

SJÅ VIDEO: Jens Stoltenberg i Årdal

Fabrikken skal produsere silisiumplater til solcellepanel.

- Grunnen er at vi ser det er mogeleg å byggje ein større fabrikk på tomta enn det vi opphaveleg planla. Det betyr at kapasiteten vert større, og vi treng fleire folk, seier administrerande direktør, Jon Hindar. 

I utgangspunktet hadde fabrikken tenkt å tilsetje 65 personar, men no meiner direktøren at dei vil verte 100 tilsette.

Vanskeleg å skaffe nok folk

Årdal kommune vedgår no at dei har ei utfordring med å skaffe nok arbeidsfolk til alle nyetableringane.

Då Hydro for eitt år sidan varsla nedbemanning på rundt 230 personar, sa kommunen at det ville bli vanskeleg å finne nye jobbar til dei som måtte gå.

- Ikkje overdramatisert

Då statsminister Jens Stoltenberg besøkte bygda i går, var beskjeden at talet på overflødige berre blir 70. Ja, faktisk fryktar næringslivet at det kan verte problem å skaffe nok fagfolk til alle nyeetableringane.

Men under besøket i kommunen avviste statsminister Jens Stoltenberg at krisa i fjor vart overdramatisert.

- Det som har skjedd i Årdal er ein stor suksess. Det er eit uttrykk for at omstilling er klokt og det var rett å forstå at dei gamle smelteomnane tilhøyrte for tida. Framtida ligg til dømes i produksjon av solceller, konkluderte Stoltenberg.

- Positiv utfordring

Også Ap-ordførar Arild Ingar Lægreid avviser at dei dreiv svartmåling i fjor.

- Det var ikkje overdramatisert på det tidspunktet. Men har det jo vist seg at vi har klart å få på plass nye arbeidsplassar. Dagens situasjon er ei positiv utfordring.