26.05.2012

Laksen rømmer som aldri før

Talet på rømt oppdrettslaks i Sogn og Fjordane har blitt dobla dei siste to åra - frå 10 000 fisk til 22 000 i år.

Målet til regjeringa er at ikkje ein einaste oppdrettsfisk skal rømme frå mærdene.

Elin Tveit Sveen i rømmingskommisjonen for oppdrettsfisk seier at regjeringa sin visjon om null rømmingar er urealistisk.

Den stadige rømminga av laks kan bety slutten for vidare vekst i oppdrettsnæringa

- Næringa lever no på nåde med den kontrakten dei har med storsamfunnet seier Tarald Sivertsen, som er leiar for Fiskeri og havbruknæringa sitt rømmingsutval.

Han trur at vidare vekst i næringa vil bli øydelagt om ikkje det blir slutt på rømminga.

Statssekretær i Fiskeri og kystdepartementet, Kari Anne Opsal, seier at næringa kjem i eit dårleg lys, men vil ikkje spekulere i kva følgjer det kan få for framtida.