Arbeidarane kritiserer tryggleiken

Polske arbeidarar ved Havyard Leirvik seier dei ikkje har fått noko informasjon om tryggleiksrutinane ved verftet.
Publisert 14.02.2006 16:11. Oppdatert 14.02.2006 20:32.
- Skriv ut
Etter dødsulukka på verftet i går blir næringa kritisert for å ikkje ta språkproblema på alvor.
Verftsdirektør Tor Leif Mongstad meiner dei ikkje tek for lett på problema, og han avviser kritikken frå dei polske arbeidarane.
- Manglar måleinstrument
- Det er ikkje bra nok, seier ein av polakkane som jobbar ved skipsverftet i Hyllestad. Han ønskjer ikkje å stå fram med namn. Også fleire andre polske arbeidarar NRK har snakka med i dag seier det same, men dei ønskjer ikkje å late seg intervjue.
Den eine som ville late seg intervjue seier mellom anna at det ikkje finst instrument som måler oksygenopptaket i tanken der ein omkom og to vart kritisk skadde.
- Informasjonen er ikkje bra. Det burde vore betre. Du kan spørja kven som helst her om det, seier den polske arbeidaren.
Han meiner også det burde vore gjort fleire inspeksjonar av arbeidstilhøva.
Avviser påstandane
Verftsdirektør Tor Leif Mongstad meiner påstandane frå arbeidarane berre er frustrasjon etter ei alvorleg ulukke.
- Dette er utslag av ein frustrasjon, som me sjølvsagt må ha forståing for at folk kan ha i ein slik situasjon. Når me får inn nye folk har me alltid ein gjennomgang om HMS og rutiner ved verftet, seier Mongstad.
Får støtte
Men polakken sine frustrasjonar får delvis støtte frå Fellesforbundet i Sogn og Fjordane. Dei meiner verftsindustrien tek for lett på språkvanskane for utanlandske arbeidarar. Og etter ulukka i går kom det fram at tryggingshandboka ikkje var skriven på polsk.
Verftet har allereie sett ned ei intern granskingsgruppe som skal gå gjennom alle rutinane på verftet.
Tilstanden til dei to skadde arbeidarane er framleis kritisk, men stabil, opplyser Haukeland Universitetssjukehus tysdag ettermiddag.
Lyd og video
Les
Sogn
- Sogndal 2 vann målrikt lokalderby
- Biltjuv fakka i Årdal
- Cruisehamn gir nytt håp for hotell
- Russarane trekkjer importforbodet
- Går glipp av nyetablering
- Veolia vurderer å klage
- Fylkesbaatane vann
- Rallarvegen i forfall
- - Sogndal framfor Skjolden
- Sogndalselevar best i retorikk
- Vik skisenter ber om pengar
Siste: Sogn og Fjordane
- Fekk nytt løyve til å avlive jerv
- Ho er 90 og hekta på data
- Viktig bortesiger for Saga
- Valsvik skåra for landslaget
- Håper folk vil gi pengar til søk
- Tapar pengar på skadd kraftverk
- Må betale dyrt for å bryte kviletid
- Tok avskjed med Ottar Starheim
- Grunnstøytte på draumeturen
- Gir nytt liv i Trollebø-fabrikken
Siste: Sogn og Fjordane
Fekk nytt løyve til å avlive jerv - Ho er 90 og hekta på data
- Viktig bortesiger for Saga
- Valsvik skåra for landslaget
- Håper folk vil gi pengar til søk
- Tapar pengar på skadd kraftverk
- Må betale dyrt for å bryte kviletid
- Tok avskjed med Ottar Starheim
- Grunnstøytte på draumeturen
- Gir nytt liv i Trollebø-fabrikken

















Sol og sommar i fylket