- Vi skulle teste eit nytt produkt - eit batteri med fleire kuler, seier dagleg leiar ved glasmagasinet, Amund Gotteberg.
Bøygde seg ned
Det var ein av medarbeidarane hans som vart skadd. Gotteberg fortel at mannen bøygde seg ned, då det plutseleg gjekk av.
- Eine kula trefte dessverre rett under eine auget på vedkomande.
Mange var samla for å sjå
Uhellet skjedde rundt klokka halv ni onsdag kveld, og det er framleis uvisst kor alvorlege skader mannen har fått.
Fleire folk var samla på kaien i Måløy for å sjå den årlege demonstrasjonen til glasmagasinet.
- Det er beklageleg det som er skjedd, seier Gotteberg.
- Vis varsemd
Brannsjef i Vågsøy, Helge Hjelle, seier mannen som stod for fyrverkeridemonstrasjonen er erfaren. Men han åtvarar likevel folk mot å bøye seg over ein rakett som dei alt har prøvd å tenne.
- Det pussige er at eg i eit intervju med lokalavisa tidlegare i dag sa nettopp dette. Så skjer det likevel berre timar seinare. Vi må berre oppmode folk om å vere ekstremt forsiktige no i fyrverkerisesongen.
Uhellet i Måløy blir no etterforska av politiet. Også brannvesenet vil sende ein rapport til Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap.