Krev innsats frå oppdrettsnæringa

Fylkesmannen krev innsats frå oppdrettsnæringa etter at 15 000 fisk har rømt frå oppdrettsanlegg i fylket i 2006.
Publisert 21.12.2006 19:24.
- Skriv ut
Talet på rømt fisk er det høgaste på tre år. - Det er næringa som har ansvaret, seier Fiskeforvaltar hjå Fylkesmannen Eyvin Sølsnes.
Har brukt fiskestonga
Etter at laks har rømt har folk vorte oppmoda til å finne fram fiskestonga. Men det er ein for dårleg måte å ordne opp på, meiner Sølsnes.
- Det er for mykje fisk som rømmer til at det kan overlatast til frivillege fiskarar.
Vorte flinkare til å melde frå
Regiondirektør Hans Haddal i Fiskeridirektoratet meiner likevel at oppdretterane har vorte flinkare til å melde i frå.
- At det er meldt frå om fleire tilfeller tyder ikkje det same som at det har rømt fleire fisk i år enn tidlegare.
Avgjerande
Sølsnes hjå Fylkesmannen er klar på at rømminga må reduserast.
- Rømt oppdrettsfisk er ein av dei største truslane mot den atlantiske laksen. Det er heilt avgjerandre at rømming vert redusert til eit mininum. I haust har vi sett at det er veldig langt att.
Siste: Sogn og Fjordane
- Fekk nytt løyve til å avlive jerv
- Ho er 90 og hekta på data
- Viktig bortesiger for Saga
- Valsvik skåra for landslaget
- Håper folk vil gi pengar til søk
- Tapar pengar på skadd kraftverk
- Må betale dyrt for å bryte kviletid
- Tok avskjed med Ottar Starheim
- Grunnstøytte på draumeturen
- Gir nytt liv i Trollebø-fabrikken
Siste: Sogn og Fjordane
Fekk nytt løyve til å avlive jerv - Ho er 90 og hekta på data
- Viktig bortesiger for Saga
- Valsvik skåra for landslaget
- Håper folk vil gi pengar til søk
- Tapar pengar på skadd kraftverk
- Må betale dyrt for å bryte kviletid
- Tok avskjed med Ottar Starheim
- Grunnstøytte på draumeturen
- Gir nytt liv i Trollebø-fabrikken

















Sol og sommar i fylket