Førdefjorden vert verna

Regjeringa føreslår å verne åtte nye laksefjordar. Ein av desse er Førdefjorden.
Publisert 15.12.2006 11:36.
- Skriv ut
Regjeringa presenterte i dag tiltak for å ta vare på villaksen.
Omsyn til Nausta
I Sogn og Fjordane føreslår dei å gjere Lærdalselva og Nærøydalselva til nasjonale laksevassdrag. Dei vassdraga som renn ut i ein etablert laksefjord er og føreslått verna. Her i fylket vil Førdefjorden få status som nasjonal laksefjord av omsyn til elva Nausta. Det betyr at det ikkje vil verte høve til å drive med fiskeoppdrett i fjorden.
- Eg er svært nøgd med at heile tre firedeler av den norske villaksstamma no vert gjeven vern gjennom nasjonale laksevassdrag og laksefjordar, seier miljøvernminister Helen Bjørnøy (SV) til NTB.

- Ei stor skam
Oppdrettar Ola Braanaas karakteriserer forslaget som "ei stor skam". Han meiner vernet av fjordane vil lage store problem for oppdrettsnæringa.
- I Førdefjorden ligg Nausta, og i fleire tiår har det vore drive oppdrett nær opp til vassdraget, og Nausta har vore ei av dei beste lakseelvane i historia.
Tvil om effekten
I fagmiljøet er det tvil om effekten av laksefjordar. Tidligare har Direktoratet for Naturforvaltning sagt at Nausta er lite påverka av inngrep. Havforskinga sår tvil om etablering av laksefjordar fordi dei meiner det vitskaplege grunnlaget for å etablere desse laksefjordane er for dårleg.
- Skjønnar ikkje kva dei driv med
- Det at dei stenger eit så stort næringsareal og potensial for vedrdiskaping og utvikling tyder på at Miljøverndepartementet ikkje skjønnar kva dei held på med, seier Braanaas.
- Kva får det å seie for oppdrettsnæringa?
- Trist for Flokenes fiskefarm
- Vi for vår del har sagt opp alle våre tilsette i Naustdal og lagt ned verksemda vår der. Vi har hatt eit oppdrettsanlegg som ligg berre 4-500 meter frå utløpet av Nausta. For Flokenes fiskefarm i Flokeneset er dette sjølvsagt ein forferdeleg trist dag. Dei blir råka direkte med den verksemda dei har og det levebrødet dei har hatt i mange år. Dei får ikkje utvikle bedriftene sine, og bedrifter som ikkje får utvikle seg stagnerer og vil til slutt døy.
Siste: Sogn og Fjordane
- Fekk nytt løyve til å avlive jerv
- Ho er 90 og hekta på data
- Viktig bortesiger for Saga
- Valsvik skåra for landslaget
- Håper folk vil gi pengar til søk
- Tapar pengar på skadd kraftverk
- Må betale dyrt for å bryte kviletid
- Tok avskjed med Ottar Starheim
- Grunnstøytte på draumeturen
- Gir nytt liv i Trollebø-fabrikken
Siste: Sogn og Fjordane
Fekk nytt løyve til å avlive jerv - Ho er 90 og hekta på data
- Viktig bortesiger for Saga
- Valsvik skåra for landslaget
- Håper folk vil gi pengar til søk
- Tapar pengar på skadd kraftverk
- Må betale dyrt for å bryte kviletid
- Tok avskjed med Ottar Starheim
- Grunnstøytte på draumeturen
- Gir nytt liv i Trollebø-fabrikken

















Sol og sommar i fylket